Hopp til innhald

Fagstoff

Kommunikasjon med menneske som har nedsett høyrsel

Den som har ei høyrselshemming, kan lett misforstå eller mistolke dersom han eller ho høyrer berre delar av det du seier. Ansiktsuttrykket til brukaren kan gi deg signal om han eller ho oppfattar det du seier.
Vaksen kvinne og to barn kommuniserer med teiknspråk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Forebygg misforståingar

For å unngå misforståingar bør du forsikre deg om at brukaren har oppfatta det du sa. Det kan du gjere ved å stille kontrollspørsmål eller be brukaren om å ta opp att informasjonen. Dersom han eller ho ikkje høyrde det du sa, kan du prøve å seie setninga på ein litt annan måte.

Bakgrunnstøy kan hemme kommunikasjon

Ver merksam på at bakgrunnsstøy kan hemme kommunikasjon endå meir. Før du skal starte ein samtale, bør du difor sørgje for mest mogleg ro. Skru ned radio og tv, og unngå å sitje i rom der fleire snakkar samtidig. For å få merksemd kan du legge handa di på armen til brukaren og opprette augekontakt, slik at han eller ho forstår at du vil seie noko.

Snakk tydeleg og i eit roleg tempo

Det er viktig at du snakkar tydeleg og i eit roleg tempo til ein som har nedsett høyrsel. Du skal ikkje rope. Dersom du har lys stemme, er det enklare å høyre kva du seier om du gjer stemma di litt djupare. Bruk korte, konkrete setningar utan for mange ord. For å understreke det du snakkar om, kan du nytte kroppsspråk. Du kan òg kaste eit blikk på eller peike på det du snakkar om. Nokre gonger kan blokk og blyant vere gode hjelpemiddel.

Personar med sterkt nedsett høysel kan vere avhengige av å lese leppene dine og observere ansiktsuttrykket ditt når du snakkar. Difor må ansiktet ditt vere godt synleg. Sørg for augekontakt, og hald hendene borte frå ansikt og munn. Unngå å tygge tyggegummi. Slike munnrørsler kan distrahere og forvirre brukaren.

Teiknspråk og aktuelle hjelpemiddel

Ein del personar med høyrselshemming nyttar teiknspråk som kommunikasjonsform. Sjølv om det ikkje er eit krav, er det ein fordel om du kan teiknspråk.

For brukarar med nedsett høyrsel finst det aktuelle hjelpemiddel, til dømes høyreapparat og teleslynge. Nokon kan gløyme eller ha problem med å nytte høyreapparatet sitt. Det kan vere oppgåva di å hjelpe brukaren med å setje inn og stille inn høyreapparat.


Utfordringar til deg

  1. Korleis kan du sjå på eit menneske om han eller ho har oppfatta det du har sagt?

  2. På kva måte kan du sikre deg at brukaren eller pasienten har oppfatta det du har sagt?

  3. Kvifor er det viktig å sikre mest mogleg ro når du skal kommunisere med ein person med høyrselshemming?

  4. Kvifor må ansiktet ditt vere godt synleg når du snakkar med ein som har ei høyrselshemming?


Relatert innhald

Vi tek høyrselen for gitt heilt til han blir dårlegare. Om lag ein million nordmenn slit med høyrselen. Høyreapparat blir nytta for å betre livskvaliteten.

CC BY-SASkrive av Lene Fossbråten, Marit Smith Sørhøy og Wenche Heir.
Sist fagleg oppdatert 29.09.2023

Læringsressursar

Ulike kommunikasjonsferdigheiter