Hopp til innhald

Fagstoff

Hald kontroll på personopplysningane dine

I den digitale kvardagen kan det vere vanskeleg å halde kontroll på personopplysningane dine. Mange bedrifter har og bruker dei. Heldigvis har vi alle rettigheiter som er beskrivne i personopplysningslova og GDPR. Dei hjelper oss med å få oversikt og sikrar opplysningane våre.
Person sit bak ei stor bunke med papir. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Alt av informasjon som kan brukast til å identifisere deg er ei personopplysning. Dette kan vere namn, adresse, e-postadresse, biometriske data som fingeravtrykk og så vidare. Når du lagar deg ein brukar på ei teneste, kjøper ei vare eller er med i ein konkurranse, så er du som oftast nøydd til å oppgi personopplysningar. Tidlegare var det vanskeleg å vite kva desse opplysningane blei brukte til, korleis dei blei handterte, og om dei blei vidareselde til andre. Med GDPR har vi fått tydelegare rettigheiter for å kunne kontrollere og sikre personopplysningane våre.

I teksten blir samleomgrepet verksemd brukt. Dette inkluderer både private bedrifter, organisasjonar, offentlege bedrifter og instansar som ønskjer å behandle personopplysningane dine.

Denne teksten er ein introduksjon. For meir detaljert informasjon er det lagt ved lenkjer til Datatilsynet sine meir detaljerte guidar og lenkje til personopplysningslova.

Innsynsretten

Du har rett til be om å få utlevert informasjon frå verksemder om personopplysningar dei har om deg. Dei har då 30 dagar på seg til å svare. Hovudregelen er at det skal vere gratis å nytte seg av innsynsretten.

Du kan be om følgjande informasjon

  • kvifor verksemda treng personopplysningane dine (formål)
  • kva for opplysningar verksemda har lagra om deg
  • kor lenge verksemda lagrar opplysningane, og kva som avgjer kor lenge opplysningane blir lagra
  • kor verksemda har innhenta opplysningane frå
  • i kva grad du har rett til å nytte deg av dei andre rettigheitene som retting, sletting, avgrensing eller å protestere mot behandlinga av opplysningar
  • om verksemda utleverer opplysningane til andre, kven dei er og om mottakar er ein internasjonal organisasjon eller held til utanfor EØS, kva for garantiar som finst for at personvernet er sikra

Rett til retting

Verksemdene er pålagde å halde personopplysningane dei behandlar oppdaterte og riktige. Viss du finn feil og gir beskjed, skal dei normalt ha retta opplysningane seinast innan ein månad.

Det kan vere at verksemda vil krevje dokumentasjon av deg, som viser at opplysningane er uriktige og kva som er korrekt.

Rett til sletting

Muspeikar på skjerm heldt over ein sletteknapp. Foto

Somme gonger har du rett til å be om at personopplysningar verksemder har om deg, blir sletta.

I mange tilfelle har ei verksemd personopplysningane dine fordi du tidlegare har laga ein brukar eller har hatt eit kundeforhold hos dei. Då gav du dei eit samtykke som du i mange tilfelle kan trekkje attende seinare, og dermed be dei slette personopplysningane dei har om deg.

Det same gjeld viss du er mindreårig og har brukt ei digital teneste, om opplysningane blei brukte utan ditt samtykke, om verksemda har innhenta opplysningane ulovleg, eller at verksemda har ei sletteplikt ifølgje lova.

I somme tilfelle kan ein også be om at søketreff skal slettast frå ein søkemotor.

Det finst ein del unntak der ein ikkje vil få sletta personopplysningar sjølv om ein ber om det. Blant desse er viss:

  • verksemda har lagringsplikt (til dømes legejournal eller bokføringsplikt)
  • opplysningane er brukte som del av ein ytring som er verna gjennom ytringsfridommen
  • opplysningane blir brukte journalistisk, vitskapleg, statistisk eller er retta mot forskingsformål og er balansert opp mot ytrings- og informasjonsfridommen

Rett til å protestere

I ein del tilfelle er personopplysningar behandla utan ditt samtykke. Med mindre opplysningane er nødvendige for å utføre ein avtale du har med verksemda, eller verksemda er pålagt av lov å behandle opplysningane, kan du protestere mot at verksemda bruker og lagrar opplysningane.

Viss verksemda har tungtvegande grunnar for å behandle personopplysningane, kan dette gå framfor retten din til protest.

Ein protest medfører at verksemda ikkje lenger kan bruke personopplysningane dine, og i ein del tilfelle at dei også må slette dei frå systema sine.

Rett til avgrensing

Rett til retting og rett til å protestere tek tid for verksemda å vurdere/kontrollere. I mellomtida kan du krevje at behandlinga av personopplysningane dine blir avgrensa. Bedrifta kan då ikkje bruke opplysningane mens vurderingane pågår.

Du kan også bruke denne retten for å stoppe ei verksemd frå å slette personopplysningane dine. Dette kan vere nyttig viss du vurderer å klage inn verksemda eller ta rettslege steg, og informasjonen vil vere del av bevismaterialet.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 13.09.2019

Læringsressursar

Personvern