Hopp til innhald

Fagstoff

Slik får du sletta uønskt informasjon

Dersom nokon har publisert eller delt bilete, filmar eller anna om deg utan lov, kan du følgje desse råda.
Jenter på fest i ein bar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Råd om kva du kan gjere

  1. Kontakt personen som har delt informasjonen
    Veit du kven som har lagt ut dei uønskte opplysningane om deg? Ta kontakt med vedkomande og be om at opplysningane blir fjerna. Få gjerne hjelp av føresette eller andre vaksenpersonar.

  2. Kontakt dei som eig nettstaden
    Dersom du ikkje veit kven som har lagt ut opplysningane, eller dei ikkje vil høyre på deg, kan du kontakte nettstaden (domenet) der opplysningane er publiserte. For å finne ut kven som eig eit norsk domene, kan du gå inn på den norske whois-databasen.

  3. Kontakt nokon som kan hjelpe
    Slettmeg.no gir råd og hjelp til fjerning av uønskt informasjon på nettet. Dei har mange gode rettleiingar og sletteguidar til korleis du kan gå fram for å fjerne informasjon sjølv på ulike nettstader og applikasjonar.

  4. Ta kontakt med Datatilsynet
    Dersom du har prøvd alt ovanfor, men den som har publisert informasjonen om deg, ikkje vil fjerne han likevel, kan du ta kontakt med Datatilsynet. Legg då ved den eventuelle skriftlege korrespondansen du har med den eller dei som har publisert noko om deg.

  5. Konfliktrådet
    Konfliktrådet kan også hjelpe deg med å løyse fastlåste konfliktar, anten det gjeld lovbrot eller sivile konfliktar. Dei tilrettelegg for møter der de sjølv gjennom dialog kan finne fram til gode løysingar. Konfliktrådet er ei gratis statleg teneste for alle i alle aldrar. Ta kontakt med det lokale konfliktrådet ditt for meir informasjon om korleis dei kan hjelpe deg. Mange saker om netthets hamnar hos konfliktrådet.

  6. Kontakt politiet
    Dersom du meiner at du er blitt utsett for eit straffbart forhold, bør du kontakte politiet. Ta skjermbilete og dokumenter kven som har delt, og kvar og når det er delt. Ta kontakt med politiet ved å ringe 02800, eller møt opp på næraste politistasjon.

Relatert innhald

Teksten er levert av Datatilsynet

Datatilsynet. (2019, 9. september). Deling av bilder. Henta frå https://www.datatilsynet.no/personvern-pa-ulike-omrader/internett-og-apper/bilder-pa-nett/

CC BY-SARettshavar: Datatilsynet
Sist fagleg oppdatert 17.10.2019

Læringsressursar

Personvern