Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

NRK – helsemåtar

I dette filmklippet frå NRK blir norske reglar for skikk og bruk samanlikna med kva som blir oppfatta som høfleg framferd i andre kulturar. Sjå filmen og jobb med oppgåvene.

Oppgåver

  1. Korleis helser du når du møter

    1. vennene dine på skulen

    2. besteforeldra dine

    3. sjefen på praksisplassen eller jobben din

    4. nokon du ikkje kjenner

    5. brukarar av helse- og oppveksttenester

  2. Diskuter med ein medelev:

    1. Kvifor forandrar vi helsemåtar avhengig av kven vi møter?

    2. Kva veit de om variasjon i helsemåtar i ulike delar av landet?

    3. Kva kan vere årsaker til at nordmenn kan oppfattast som uhøflege av menneske frå andre land?

  3. Gå saman tre eller fire elevar og lag ein kort instruksjonsfilm i "skikk og bruk" for elevar i vidaregåande skule. Filmen kan gjerne ha ein humoristisk tone.

  4. Vis filmane i klassen. Reflekter individuelt og saman over kvifor det er viktig å opptre høfleg i møte med brukarar og kollegaer i helse-og oppveksttenesta.

Relatert innhald

Det er vanskeleg å definere kva som er norsk kultur. Den norske kulturen har ein del fellestrekk, men det er store skilnader.

Begrenset brukSkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 18.01.2024

Læringsressursar

Kommunikasjon og kultur