Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kultur

Mange forhold rundt oss menneske heng saman med kultur. Kultur verkar inn på korleis vi oppfører oss, kva vi likar og ikkje likar, korleis vi snakkar til kvarandre, og kva vi oppfattar som rett og gale.
Ein gut og ei jente klemmar kvarandre ved ein kanal i ein by. Guten løftar jenta og svingar ho rundt. Det er haustfargar på trea og guten og jenta har tjukke jakker og lue. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Jeg vil så gjerne hilse på deg, og bli

kjent med deg, og snakke med deg – og så kan du

hilse på meg, og snakke med meg, og bli

kjent med meg du også.

Utdrag frå diktet "Langt inn i skogen" av Arild Nyquist


Tenk over

Kultur handlar om ulike tema.

  1. Lag eit tankekart for ulike temaa. Kva har du lært om desse temaa på ungdomsskolen?
    Ta fram tankekarta når du er ferdig med å jobbe med temaa. Kva har du lært?
  2. Kva for kompetansemål i læreplanen din seier at du skal lære noko om dette fagstoffet?
  3. Diskuter og lag ein plan for korleis du vil jobbe med desse temaa. Du kan lage ein plan saman med klassen, eller du kan lage ein eigen plan for deg sjølv.
  4. Lag ein tekst eller eit rollespel ut frå eitt eller fleire bilete med tema kultur du finn på nettet.
  5. Finn diktet "Langt inn i skogen" av Arild Nyquist i ei bok eller på Internett. Kva trur de forfattaren har meint med diktet?
CC BY-NC-SASkrive av Trine Merethe Paulsen og Guri Bente Hårberg.
Sist fagleg oppdatert 16.01.2018

Læringsressursar

Kommunikasjon og kultur