Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Digital kommunikasjon på jobb

Kva er forskjellen mellom digital kommunikasjon på jobb og privat? Sjå denne humoristiske framstillinga av digital kommunikasjon i arbeidslivet, og diskuter temaet.
Tilleggsinformasjon om filmen

Ekstra informasjon for personar med syns- eller høyrselshemming

Filmen bruker verkemiddel frå det gamle nyheitsprogrammet Filmavisen samtidig som han kommenterer moderne utfordringar med digital kommunikasjon. Visuelle verkemiddel som blir nytta, er at heile filmen er i svart-kvitt/bruntoner. Når det gjeld lyden, liknar lydbildet det som var vanleg i Filmavisen, med korpsmusikk og trompetfanfarar og ei mannleg forteljarstemme som liknar ho som vart brukt i programmet.

Personane i filmen er kledde i 50-talsklede og bruker mellom anna skrivemaskin, men filmen viser òg ein moderne pc-skjerm med døme på tekst ein bør unngå, som bruk av store bokstavar, emojiar og avskjedshelsinga "Sjalabais! Ein av mennene har barn som leiker i bakgrunnen når han er i digitalt møte, mens ein annan må rydde pulten framfor pc-en etter at møtet har starta. Ei kvinne som kjem for seint inn i møtet, har nydusja hår i turban mens ho smørjer ut ansiktskremen, og mannen som får kommentar frå forteljarstemma om han kjem direkte frå Amerikalinjen, har slipset rundt hovudet, leppestift på kinna, brillene på skeive og eit raudvinsglas i handa. Dama som kanskje burde ha tenkt på om ho ville ha kamera på i møtet, sit og les boka Fifty shades og prøver seg fram med eit tau rundt den eine handa. Filmen sluttar med at ein korrekt kledd herremann med skjorte, slips, dressjakke og sixpence avsluttar eit møte med å løfte på hatten, bukke og deretter forlate pc-en utan å slå av kamera, og når han vandrar inn i neste rom, er det tydeleg at han ikkje har klede på underkroppen.

Digital kommunikasjon

  1. Kva appar eller andre digitale verktøy bruker du for å kommunisere med

    1. foreldra dine

    2. eldre familiemedlemmer

    3. vennene dine og yngre familiemedlemmer

    4. lærarane dine

    5. fastlegen

    6. frisøren

  2. Kva digitale kommunikasjonsplattformer kjenner du til innan helse- og oppvekstsektoren?

  3. Kva er forskjellen på privat bruk av digitale kommunikasjonsverktøy og når du kommuniserer med kollegaer eller brukarar på jobb?

  4. Kvifor er det viktig at du kan rettleie brukarar av helse- og oppveksttenester i bruk av digitale verktøy?

  5. Kva utfordringar kan oppstå dersom tilsette ikkje meistrar bruken av digitale kommunikasjonsverktøy? Diskuter i klassen.

Lag filmar

Gå i grupper saman med to eller tre medelevar, og vel dykk eit av dei elleve yrka innan helse- og oppvekstfag.

  1. Lag ein film der de viser profesjonell digital kommunikasjon i yrket de har valt.

  2. Lag ein film der de viser døme på dårleg digital kommunikasjon innan dette yrket.

Relatert innhald

Auka levealder gir høgare risiko for sjukdom og derfor større behov for helse- og omsorgstenester. Korleis kan teknologi bidra til å løyse utfordringane?

CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 13.03.2023

Læringsressursar

Profesjonell kommunikasjon