Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Observasjon og kommunikasjon

Kva inneber det at du som fagarbeidar i helse- eller oppveksttenestene skal bruke observasjons- og kommunikasjonsferdigheiter i arbeidet?
Gut kikkar på ei løvetann i eit forstørringsglas. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Observasjonsferdigheiter

Observasjonsferdigheiter betyr at du bruker kunnskapane dine om observasjon i arbeidet ditt.

  1. Bruk dokumentasjonsverktøyet til å lage døme på viktige observasjonar som blir gjorde i arbeidet i kvart av dei elleve yrka innan helse- og oppvekstfag. Grunngi kvifor det er viktig å gjere desse observasjonane.

  2. Kvifor er det like viktig å legge merke til mangel på endringar som på endringar hos den du observerer?

Taus kunnskap

Taus kunnskap er eit omgrep som ofte blir brukt om kunnskap det kan vere vanskeleg å formulere med ord, men som blir lært gjennom praktiske handlingar.

Jobb saman med ein eller fleire medelevar og søk på internett til å finne ut meir om taus kunnskap.

  1. Lag dykkar eigen definisjon av omgrepet taus kunnskap.

  2. Finn døme på kunnskap som de har, men som er vanskeleg å forklare teoretisk til andre.

  3. Kva trur de er samanhengen mellom taus kunnskap og observasjons- og kommunikasjonsferdigheiter? Bruk døma dykkar frå oppgåva om observasjonsferdigheiter til å forklare.

Relatert innhald

Kommunikasjonsferdigheiter handlar om korleis du bruker kunnskapane og kompetanse din om kommunikasjon i møte med andre.

Du som skal jobbe i helse-og oppvekstsektoren, vil treffe mange ulike menneske kvar einaste arbeidsdag.

CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 31.10.2022

Læringsressursar

Profesjonell kommunikasjon