Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Miljølyd og effektlyd

Fortel ei historie med å berre bruke miljølyd og effektlyd.
Nærbilde av kvinnehand som held ein orange mikrofon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

"Show it, don´t tell it" er eit sentralt omgrep i media og historieforteljing. Korleis kan du vise og forklare noko utan å seie eller skrive det? I denne lydoppgåva blir du utfordra på dette, du kan nemleg ikkje bruke lydtypen tale.

Jobb aleine eller i par.

Oppgåve

Fortel ei historie ved å bruke berre miljø- og effektlydar som dokker tar opp sjølve. Historia skal bli 30-60 sekundar lang. Rediger i Audition eller eit anna lydprogram. Eksporter som mp3. Jobb gjerne i fleire spor. Vel mellom oppgåve a og b.

  1. Forflytning mellom minst tre ulike stadar. Fang inn lyd fra kvar stad + lydar som indikerer forflytning mellom desse.
  2. Ei overraskande handling.


Vurderingskriterium:

  • Lagar og leverer ei forteljing på 30-60 sekundar innan fristen
  • Ta opp og bruke egenprodusert miljø- og effektlyd
  • Redigere det saman til ein sammenhengande forteljing
  • God lydkvalitet (ikkje mykje støy/sprengt lyd/for lågt/høgt)
  • Gode lydnivå og overgangar mellom dei ulike lydklippa
CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 04.02.2020

Læringsressursar

Auditive medium