Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Stasjonsarbeid om lyd (QR)

Jobb saman i grupper med fagstoff om lyd på ulike stasjonar. Undervisningsopplegget eignar seg som ein introduksjon til temaet eller som oppfrisking.
To elevar ser på eit videoklipp i svart-kvitt på mobiltelefonane sine. Eit ark med ein QR-kode er teipa på ein søyle framfor dei. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Elevane skal skanne for å finne faginnhald på ulike postar i dette undervisningsopplegget.

Forarbeid

  • Del elevane i fem grupper.

  • Plasser postane på ulike stader på skuleområdet. Gjer det lett å finne dei. Viss postane er plasserte på eit større område, kan du lage eit enkelt kart over postane.

  • Post 1–4 har lyd og må vere på stader der elevane kan spele av lyd. Eventuelt kan elevane bruke høyretelefonar.

  • Skriv ut dokumentet med postane og plassar ut desse før timen startar.

  • Gjer ein enkel test og sjekk at kodane fungerer.

Gjennomføring

  • Elevane skal innom alle postane, og dei følger rekkefølga på postane.

  • Set av like lang tid til kvar post. Bruk alarm for å halde tida. Lag eit signal som betyr at elevane skal byte post.

  • Læraren går innom gruppene undervegs mens stasjonsarbeidet går føre seg.

Filer

Relatert innhald

QR-kodar let oss effektivt og enkelt dele og opne nettinnhald med mobilen. Lær tips og triks og kom i gang med QR-kodar!

QR i undervisninga kan gjere det lettare å forlate klasserommet og jobbe friare og meir spontant. Det kan gi meir engasjerande og elevaktiv undervisning.

CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 13.06.2022

Læringsressursar

Auditive medium