Hopp til innhald

Fagstoff

Designmanualen

Den visuelle identiteten til verksemda består av logo, fontar, fargar, bilete og symbol. Det er viktig for organisasjonar å verke visuelt likt i alle kanalar.
Designmanualen beskriv reglar for bruk av designprofilen og skal dermed etablere og oppretthalde ein solid visuell identitet.
Utsnitt frå ein designmanual. Bilde
Opne bilete i eit nytt vindauge

Reglar for korleis bedrifta skal syne seg fram, blir lagra i det som kallast designmanualar, designhandbøker eller profilguidar. Dette skal sikre at den visuelle identiteten til ei verksemd eller organisasjon blir etablert og bevart på ein bestemt måte.

Enkle og komplekse designmanualar

Somme organisasjonar er strenge med den grafiske profilen sin og detaljstyrer kva som er tillate og ikkje. Andre nøyer seg med å spesifisere korleis logoen ser ut og kva fontar og fargar som er føretrekte. Somme bedrifter produserer alt av reklamemateriale sjølve, medan andre set bort profileringsoppdrag til andre.

Jobbar du i ei bedrift og får ansvar for å setje inn ei stillingsannonse i avisa eller få designa nye arbeidsklede til dei tilsette, er det kjekt å ha ei designhandbok å sende til dei som skal gjere jobben. Det sikrar at bedrifta blir kjent igjen og står fram slik bedrifta ønskjer.

Enkelte store konsern og merkevarer har svært omfattande designmanualar på fleire hundre sider, men dei fleste bedrifter klarer seg med mykje mindre.

Små organisasjonar kan ha tydelege profilar, men det er lettare og meir oversiktleg for et lite firma å kontrollere korleis merkenamnet blir vist i det offentlege.

Store organisasjonar der mange jobbar med marknadsføring – kanskje frå forskjellige stader i verda – krev stramme retningslinjer. Strenge reglar forhindrar at ”stilen” til bedrifta sklir ut og ser forskjellig ut i ulike delar av landet eller verda.

Kva blir vanlegvis lagt inn i ein designmanual?

1 Beskriving av logobruk

Du må beskrive både logoen og fonten. Det er vanleg å forklare korleis logoen skal sjå ut når symbol og firmanamn er sett saman, og gjerne med argument om kvifor.

Døme på bruk av logo i ulike samanhengar. Bilde.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  • logo i høgdeformat og i breiddeformat
  • korleis ulike bakgrunnar påverkar bruken av logoen
  • versjonar av logoen til bruk på lyse og mørke bakgrunnar
  • ein svart-kvit versjon av logoen
  • krav til bruk av luft rundt logoen
  • minimumsstorleik ein kan vise logoen i
  • døme på kva det er forbode å gjere med logoen

2 Reglar for fargebruk

Den viktigaste informasjonen om fargar i ein designmanual handlar om kva fargar som høyrer til designprofilen og kva fargekodar desse har i ulike fargesystem.

  • Hovudfargar skal sikre heilsleg uttrykk. Dei er ofte fargar frå logoen.
  • Støttefargar blir sett opp – fargar som er tillate å bruke saman med hovudfargane. Dei skal kunne framheve eller spele harmonisk saman med hovudfargane. Det kan vere kontrastfargar, nyansar av hovudfargar eller ein farge i same nyanse som hovudfargen, men i ein annan kulørtone.
  • Fargane blir skrivne som fargekodar, ofte som PMS, CMYK og RGB.

3 Typografiske reglar

  • hovudfontar og korleis dei skal brukast
  • erstatningsfontar du kan bruke viss hovudfontane ikkje er tilgjengelege
  • eventuelle typografiske reglar for trykk og skjerm
Døme på bruk av typografi i ulike samanhengar. Bilete.
Opne bilete i eit nytt vindauge

4 Reglar for biletbruk

Det er heller ikkje uvanleg å beskrive og vise døme på bilete og korleis dei kan bli brukt for å underbyggje den visuelle profilen.

  • Kva slags uttrykk er ønskjelege, og kva bør det vere bilete av?
  • Kva er det ønskjeleg å gjere med til dømes djupneskarpleik, lys og skjering av bilete?
  • Kva slags bilete er det ikkje tillate å bruke? Til dømes clip art eller bestemde motiv.

5 Dekorelement

Du kan bruke mønster, teksturar, bakgrunnar, bilete og symbol for å styrke den visuelle identiteten. Desse visuelle elementa kan vere beskrive i ein designmanual.

6 Døme på god bruk av profilen

Til slutt er det viktig å ha med nokre døme på konkret bruk av logo i bestemde settingar. Her er nokre døme:

  • annonsar
  • PowerPoint-presentasjonar
  • forretningstrykksaker som brevark, konvoluttar og visittkort
  • nyheitsbrev på nett
  • roll-ups
  • e-postsignaturar
  • profilartiklar som pennar, notatbøker, pin, klistremerke, t-skjorter og liknande
CC BY-SASkrive av Ellen Johansen.
Sist fagleg oppdatert 10.01.2019

Læringsressursar

Grafisk design