Hopp til innhald

Fagstoff

Tredelsregelen og det gylne snittet

Det gylne snittet er ei deling av ei linje eller flate som vi opplever som harmonisk. Komposisjonsprinsippet har vore brukt sidan antikken. Det skaper ei form for asymmetrisk balanse. Tredelsregelen går ut på det same, men er ein raskare og enklare metode.
Kvitt interiør i eit kvitt rom der eldstaden er eit blikkfang og detaljar som puter og blomar er oransje. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Heisekran i solnedgang. Biletflata er delt i tre horisontalt og vertikalt med krana plassert i fokuspunktet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tredelsregelen og det gylne snittet

Poenget med storleiksforhold er at heilskapen skal bli best mogleg. Dei aller fleste nybegynnarar plasserer element i midten, noko som gir eit proporsjonalt forhold på 1:1. Dette gir eit litt statisk uttrykk. For å skape meir energi i arbeidet kan du unngå midten og heller bruke tredelsregelen eller det gylne snittet.

Blå stol og benk, eit stable-/sitjemøbel og eit oppbevaringsmøbel i tre. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tredelsregelen

Dersom du tenkjer deg at du deler flata i produktet eller arbeidet ditt i tre delar og , vil du få eit rutenett med ni ruter. Du kan plassere eit blikkfang, eit hovudmotiv eller eit element langs linjene eller i eitt av dei fire punkta der linjene kryssar kvarandre. Dette vil då gi eit proporsjonalt forhold på 1:2.

I utstillinga av interiøret på biletet til høgre ser du at golvflata og den brune bakplata ligg langs tredelslinja både horisontalt og vertikalt. Dei tre bakarste møblane ligg langs den horisontale linja, og elementet føre ligg i den vertikale linja. Utstillingsdesignaren har ikkje plassert møblane tilfeldig, men laga ein dynamisk og spennande komposisjon ved å bruke tredelsregelen som verkemiddel.

Det gylne snittet

Eit sniglehus delt inn i ruter. I kvar rute står eit tal frå Fibonacci-rekka. Inst i sniglehuset, i den minste ruta, står talet 1, så går det vidare med 1, 2, 3, 5 og 8 samtidig som rutene blir større. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det gylne snittet er eit matematisk omgrep som kan likne litt på tredelsregelen. Forenkla kan vi dele ei linje i åtte like store delar, og då finn vi det gylne snittet i det femte punktet. Det gylne snittet er eit komposisjonsprinsipp som har vore brukt heilt sidan antikken. Det er denne inndelinga som vi opplever som den mest harmoniske måten å dele ei linje, flate eller form på. Vi finn inndelinga fleire stader i naturen.

Fibonacci-tala sette opp i eit spiralmønster på eit ruteark der rutene aukar i storleik proporsjonalt med tala i rekka 1 – 1 – 2 – 3 – 5 – 8. Skjermbilete.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det gylne snittet er vanleg å bruke i fotografering, ved at ein plasserer motivet mot høgre eller venstre i biletflata. Like viktig er det å bruke prinsippa det gylne snittet eller tredelsregelen når du designar eit tredimensjonalt produkt. Det kan til dømes vere når du plasserer ein kontrast i ein dekorasjon, eller det kan vere storleiksforholdet mellom skeibladet og skaftet i ei tresleiv.

Vil du vite meir?

Du kan lese meir om det gylne snittet på Matematikk.org, og på Numerologen.no kan du sjå korleis talet 9, spiralen, Fibonacci-rekka og det gylne snittet heng saman.

CC BY-SASkrive av Hanne Merethe Riskedal Staurland.
Sist fagleg oppdatert 24.06.2020

Læringsressursar

Grafisk design