Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Språk i oljeindustrien

Mykje av fagspråket vi bruker offshore, er engelsk. På 1980-talet utarbeidde UiB ei liste over gode norske ord som kunne brukast i staden. Ikkje alle orda er i bruk i dag.

I vg2 brønnteknikk skal du lære mykje nytt, og då er det viktig at du òg lærer deg fagspråket. Utan fagspråk blir det lett misforståingar og feilinformasjon.

Fagspråket i offshore-bransjen

Mange ord kan misforståast, nokre har fleire betydningar, og nokre er rett og slett uforståelege i omsett versjon. Her er ei liste over norske og engelske ord som du kjem til å møte i faginnhaldet. Bruk søkefunksjonen i NDLA og på internett til å finne ut kva ordet beskriv.

Nokre forkortingar har to ulike bruksområde, dei er merkte med (2).

Norske ord

  • brønnhovud

  • fôringsrøyr

  • stigerøyr

  • barriere

  • filterkake

  • slam

  • fot

  • ringrom

  • raud sone

Blanda språk

  • drillerbua

  • chokeventil

  • toolstreng

  • trippe

Engelske ord

  • casing

  • liner

  • riser

  • shaker

  • screen (2)

  • assembly

  • perforating gun

  • manrider

  • elevator

  • kick

  • x-over

Forkortingar

  • DHSV

  • ASV

  • GLV

  • DP (2)

  • BOP

  • ID

  • OD

  • TVD

  • MD

  • RKB

  • SJA

  • A

CC BY-SASkrive av Sissel Paaske.
Sist fagleg oppdatert 18.03.2021

Læringsressursar

Tryggleik på norsk sokkel