Hopp til innhald

Fagstoff

Forskrifter til petroleumsverksemda

Operatørselskapa er tildelt ansvaret for drifta på norsk sokkel. Gjennom forskriftene får operatørselskapa kjennskap til kva plikter og krav som skal innfriast.
Silhuettar av to menn i dress og mange paragrafteikn. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sentralt i emnet

  • Rammeforskrifta
  • Kontinuerleg forbetring
  • Ansvar
  • Risikoreduksjon

Forskrifter beskriv innhaldet i lova

Lova er overordna og avgrensande, og forskriftene er presiseringane til lova. I forskriftene finn vi detaljane som beskriv korleis vi skal følgje lova.

Petroleumsforskriftene beskriv krava til drift og tilsyn med petroleumsverksemda offshore og på tilknytte landanlegg.

Forskriftene er utvikla over lang tid og skal alltid vurderast samla. Forskriftene beskriv

  • ansvaret for aktiviteten
  • risikoreduksjon
  • funksjonskrav
  • kontinuerleg forbetring
  • partssamarbeid
Samarbeid om tryggleik og forbetringar

Samarbeid mellom tre partar

Verneombod og fagforeiningstillitsvalde samarbeider med arbeidsgivaren om HMS på arbeidsplassen gjennom ordningane med verneombod og arbeidsmiljøutval. Dette kallar vi partssamarbeid. Partssamarbeidet på arbeidsplassen er forankra i trepartssamarbeidet mellom fagorganisasjonar, arbeidsgivarorganisasjonar og styresmakter på nasjonalt nivå.


Kontinuerleg forbetring

Null ulykker er det overordna målet for HMS-arbeidet på norsk sokkel. Mange selskap har nedfelt dette målet i eiga HMS-målsetjing. Sjølv om ein ikkje oppnår dette målet 100 prosent, gir ei slik målsetjing motivasjon for å jobbe med HMS kvar dag heile året og til å utvikle HMS-standarden utover det som finst i dag. Dette inneber òg å ta i bruk ny teknologi, nye arbeidsprosedyrar og å finne løysingar som aukar HMS-kvaliteten.

Fire sentrale forskrifter

Ptil har fire sentrale forskrifter for petroleumsverksemda på den norske kontinentalsokkelen. Du kan lese om dei på sida Regelverk (ptil.no).

Forskriftene tek utgangspunkt i dei ulike fasane knytte til petroleumsaktiviteten på norsk sokkel.

Ramma for all aktivitet og ansvarsfordeling

Rammeforskrifta gir overordna føringar for petroleumsverksemda og dikterer ansvar, arbeidstakarmedverknad og arbeidstid. Rammeforskrifta definerer òg samanhengen med lovverk og dei andre forskriftene.

Sentralt i rammeforskrifta er

  • tilrettelegging av arbeidstakarmedverknad
  • beredskap
  • verneombod – retten til å stoppe arbeid
  • alminneleg arbeidstid

Ansvar for aktiviteten

Aktivitetsforskrifta beskriv krava til arbeidsmiljø, arbeidsplass, trygg transport og riktig opplæring. Ho beskriv òg krava til helse, miljø og tryggleik for personell og omgivnadene under ulike aktivitetar.

for feltet har det overordna ansvaret for all aktivitet i ein lisens i heile lisensperioden. Det betyr at operatøren skal sikre at alle krav i HMS-lovgivinga blir følgde av dei som deltek i aktivitetar i lisensen. Alle arbeidstakarar som arbeider offshore og på land for lisensen, skal medverke til etterleving av HMS-reglane. Det inneber at alle har ansvar for god HMS-standard.

Sentralt i aktivitetsforskrifta er

  • koordinerande arbeidsmiljøutval for feltet
  • bedriftshelseteneste
  • registrering av arbeidstid
  • opplæring i tryggleik og arbeidsmiljø
  • overvaking av ytre miljø

Styring av risikoreduksjon i aktivitetane

Overordna styring av aktiviteten på sokkelen blir regulert i styringsforskrifta. Styringsforskrifta regulerer kva tiltak som skal setjast i verk for å redusere risikonivået i aktivitetane offshore. Risikoreduksjon betyr at det på førehand skal vurderast om det er risikoelement knytte til ein aktivitet/jobb. Risikoelement skal i størst mogleg grad fjernast eller blir reduserte. Ingen aktivitet/jobb skal setjast i verk dersom den samla risikoen blir vurdert for høg.

Ei god risikoforståing baserer seg på god innsikt i den aktiviteten/jobben som skal utførast. Før ein aktivitet/jobb startar, skal det alltid lagast ein prosedyre, og alle risikoelement skal vurderast. Rutineaktivitetar får generelle beskrivingar, spesialjobbar får spesifikke beskrivingar. Alvorsgraden av risikoelementa skal vurderast, og risikoreduserande tiltak skal setjast i verk før aktiviteten startar.

Krava til uavhengige barrierar i samband med brønnaktivitetar er eit døme på risikoreduserande tiltak.

Sentralt i styringsforskrifta er

  • risikoreduksjon
  • storulykker
  • bemanning og kompetanse
  • kontinuerleg forbetring

Funksjonskrav til innretningane som skal brukast offshore

Bygging av innretningar (plattform og flytande installasjon) blir regulert i innretningsforskrifta.

Føresegnene i forskriftene beskriv kva funksjonar og kva tryggingsnivå eit produkt, ein prosess eller ei teneste skal ha. Dei beskriv altså ikkje nøyaktig korleis eit produkt skal utformast, eller korleis ein prosess eller ei teneste skal gjennomførast. Dette opnar for fleire typar løysingar og stimulerer til utvikling av nye teknologiske og organisatoriske løysingar.

Det er operatøren eller den operatøren har delegert ansvaret til, som må dokumentere at utstyr fungerer, og at arbeidet blir utført i tråd med forskriftene. For å effektivisere dokumentasjonsarbeidet er det utarbeidd mange industristandardar og anbefalte løysingar for standard jobbar og utstyr.

Sentralt i innretningsforskrifta er

  • ventilasjon og inneklima
  • utforming av arbeids- og opphaldsområde
  • fysiske barrierar
  • beredskap

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Anna Aabø. Rettshavar: Cerpus AS
Sist fagleg oppdatert 05.04.2018

Læringsressursar

Tryggleik på norsk sokkel