Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er hydraulikk?

Hydraulikk er bruk av ei lita kraft til å gjere eit svært tungt arbeid. I eit hydraulikksystem overfører vi kraft og bevegelse ved hjelp av væske, ofte over større avstandar.

Biljekk

Animasjonen viser korleis ein biljekk er konstruert og fungerer. Du bruker ei lita kraft på eit handtak, du pressar då ned eit stempel i ein sylinder og fortrengjer væska på eit lite område (areal) som gir stor kraft på eit mykje større område (areal).

Animasjon av hydraulikksystem
Opne bilete i eit nytt vindauge


Oljehydraulikk er ei kraftform som er mykje brukt i industrien. Hydraulikk er mykje brukt til verktøymaskinar, robotteknikk, anleggsmaskinar og flyteknikk. Den største fordelen med hydraulikk er at mykje kraft kan overførast ved hjelp av relativt små komponentar. Hydraulikken har gode akselerasjonseigenskapar og toler harde miljø. Symbol og skjema er teikna i samsvar med Norsk Standard, NS-ISO 1219-1:2006.

Fordelar og ulemper med hydraulikk

Forskjellen mellom pneumatikk og hydraulikk er ikkje så veldig stor. Hovudforskjellane er at olje, som er drivmediet i hydraulikk, ikkje lèt seg komprimere som luft, som er drivmediet i pneumatikk. Dette gjer at det ikkje blir svingingar i systema, som vi ser kan oppstå med store mottrykk i pneumatikken. Systema blir derfor òg meir presise. Vi kan i tillegg bruke vesentleg høgare trykk enn i pneumatikken, noko som fører til meir kraft. Mens vi i pneumatiske system sender returlufta ut som eksos, må vi i hydrauliske system bruke returslangar som leier olja tilbake til tanken.

Eining

Definisjon

Bar

Eining for trykk.
1 bar = 100 000 Pa
Dette er ikkje standardnemninga (SI)
for trykk, men blir brukt mykje i fagmiljøet.

Pa

Pascal (SI standard) og den eininga som er
bestemt at skal brukast.

Psi

Pounds per square inch,
engelsk/amerikansk eining som blir brukt
mykje endå.
1 psi = 0,07 bar

1 kp / cm2 = 0,981 bar

Kilopond pr cm2, gammal eining som ikkje brukast lenger

CC BY-SASkrive av Haldor Hove.
Sist fagleg oppdatert 03.04.2019

Læringsressursar

Hydraulikk