Hopp til innhald

Fagstoff

Oppbygginga til hydraulikkanlegget

Eit hydraulikkanlegg/hydraulikkaggregat består av ei rekkje komponentar, til dømes tank, pumpe, motor, ventilar, sylinder, pumpe og filter.

Hydraulikkaggregat

Forskjellen på eit aggregat og eit hydraulikkanlegg er at aggregatet er sjølve oljeforsyningseininga, mens eit komplett hydraulikkanlegg har retningsventil, arbeidselement og eventuelt andre komponentar som trengst. Biletet viser korleis eit hydraulikkaggregat kan sjå ut.

Komponentar

Videre i dette emnet vil du finne fagartiklar om følgande komponentar i eit hydraulikkaggregat:

  • Tank
  • Pumper
  • Motorar
  • Ventilar
  • Sylinder
  • Filter

I tillegg kjem slangar, røyr og fittings (røyrkoplingar).

Olje

Hydraulikkoljen skal overføre hydraulisk energi, smørje, kjøle, reinse, hindre korrosjon og transportere bort forureiningar.

Manometer

For å vite kor høgt trykket er, monterer vi ofte inn eitt eller fleire manometer. Manometeret viser kor høgt trykket er, ved at eit røyr som er krumma, retter seg ut jo høgare trykket blir. Dette røyret er kopla til ein visar via eit tannhjulssegment.

Hydraulikkanlegg

Funksjon:

Oljepumpa syg olje frå tanken gjennom filteret. Derifrå går oljen vidare til retningsventilen. Retningsventilen har ein sleide som styrer oljestraumen i den retninga vi vil. Ved å flytte sleiden på ventilen kan vi velje om oljen skal strøyme inn i plusskammeret eller i minuskammeret. Når sylinderen er i endeposisjon, til dømes plusstilling, flytter vi over sleiden. Stempelet vil då starte minusrørsla.

Når stempelet er i endeposisjon, vil pumpa likevel halde fram med å levere olje. Ettersom oljen ikkje lèt seg komprimere (slik som luft i pneumatikk), vil det beinveges begynne å byggje seg opp eit trykk.

Storleiken på dette trykket kan variere, men i hydraulikken er det vanleg med eit systemtrykk på mellom 50 og 300 bar, avhengig av kor stor kraft ein treng, og kva systemet er dimensjonert for. For at trykket ikkje skal bli for høgt, må ein ha ein trykkavgrensingsventil (også kalla overtrykksventil). Han sørgjer for at oljen blir pumpa rett til tanken når systemet når ønskt makstrykk.

Ein kan køyre ein sylinder i pluss- og minusretning ved å endre strøymingsretninga til oljen med ein retningsventil. Merk at dette er ein illustrasjon og ikkje eit korrekt hydraulikkskjema.

Tre figurar som viser korleis strømretninga endrar seg med retningsventil. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

For å få biljekken funksjonell igjen, er det viktig at du følgjer arbeidsbeskrivinga/teikninga nøye.

CC BY-SASkrive av Industriskolen.
Sist fagleg oppdatert 17.01.2019

Læringsressursar

Hydraulikk