Hopp til innhald

Fagstoff

Instrumentsignal og justering

Den vanlegaste måten å sende ut eit signal frå eit måleinstrument på er å bruke eit elektrisk signal. Her lærer du litt om samanhengen mellom spenning (U), straum (I) og motstand (R).

Kjenner du til to av desse storleikane, kan du rekne ut den tredje ved å bruke ein av desse formlane:

U=R·IR=UII=UR


Ohms lov

Dette kallast Ohms lov. For å forstå tydinga av desse formlane kan du tenke deg at straum (I) er talet på elektron som passerer gjennom ein leidning. Spenninga (U) seier noko om kor stor kraft som blir brukt for å dytte elektrona gjennom leidningen, og motstanden (R) fortel oss om kor stor hindring elektrona møter. Av formlane kan du då sjå at om motstanden aukar, så må òg spenninga auke om vi skal klare å halde oppe straumstyrken (mengda elektron).

Spenning blir målt i eininga volt (V), straum blir målt i ampere (A), og motstanden blir målt i ohm (Ω).

Overføring av signal

Den aller mest brukte metoden for å overføre signal frå instrument i prosessindustrien er å bruke eit elektrisk signal der straumen varierer mellom 4 og 20 mA (milliampere). Tenk deg at termometeret ditt går frå -30 °C til 50 °C. Då vil ein temperatur på -30 °C svare til eit elektrisk signal med straumstyrke på 4 mA. Når temperaturen blir 50 °C, vil det svare til eit signal på 20 mA.

Ein annan måte å formulere dette på er å seie at målesignalet går frå 0 til 100 prosent. Då svarer til 0 prosent den nedste grensa av måleområdet (som her er -30 °C), og 100 prosent svarer til den øvre grensa av måleområdet (som her er 50 °C). Døme på ulike temperaturar og tilhøyrande elektriske signal blir viste i tabellen nedanfor.

Temperatur

mA

%

-30

4

0,00

-20

6

12,50

-10

8

25,00

0

10

37,50

10

12

50,00

20

14

62,50

30

16

75,00

40

18

87,50

50

20

100,00

Den vanlegaste måten å overføre instrumentssignal på er å bruke eit elektrisk signal der straumstyrken varierer mellom 4 mA og 20 mA.

Nullpunktsjustering

Når vi gjer ei nullpunktsjustering av instrumentet, betyr det at vi set det til å gi eit 4 mA signal for den lågaste verdien instrumentet skal måle. For termometeret vårt betyr det at vi stiller instrumentet til å gi eit 4 mA signal ved -30°C.

Områdejusteringa

Områdejusteringa føregår på den måten at vi bestemmer kor stor avstand det er mellom minste og største verdi for instrumentet. I termometerdømet vårt er området på 80 °C (frå -30 °C til 50 °C).

Instrument må nullpunktjusterast og områdejusterast.

CC BY-SASkrive av Rune Mathisen.
Sist fagleg oppdatert 26.03.2020

Læringsressursar

Måling i prosessanlegg