Hopp til innhald

Fagstoff

Kontrollrom

Sjølv om prosessen er automatisert, må vi ha menneske i fabrikken. Ei av dei viktigaste oppgåvene til ein prosessoperatør er å styre og overvake prosessen. Dette blir som oftast gjort frå eit kontrollrom.
Kontrollrom med fleire overvakingsskjermar og tre menn framfor skjermane. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I somme fabrikkar er det fleire små kontrollrom plasserte rundt omkring i prosessen, andre fabrikkar har eitt stort, sentralt plassert kontrollrom. Av og til er det ein kombinasjon òg: eitt stort hovudkontrollrom og fleire mindre kontrollrom i same fabrikk.

I gamle dagar var kontrollromma store rom, med metervis av instrument plasserte langs veggane. Det finst framleis nokre slike fabrikkar, men i dag har ein som oftast mindre kontrollrom der alt blir styrt frå datamaskinar.

Eit kontrollrom er eit rom som fungerer som operasjonssentral i ein fabrikk. Frå dette rommet blir prosessen styrt og overvaka av prosessoperatørar.

CC BY-SASkrive av Rune Mathisen.
Sist fagleg oppdatert 13.08.2018

Læringsressursar

Måling i prosessanlegg