Frå handverk til masseproduksjon
I tidlegare tider var produksjon i første rekkje eit spørsmål om å produsere eitt og eitt produkt. Handverkaren sin fagkunnskap og kompetanse sikra at produkta blei like eller, ved ei nøyare vurdering, relativt like. Viss vi studerer gamle sverd på historisk museum, trur vi ved første augekast at mange av sverda er like. Men måler vi dei nøyaktig, ser vi at detaljane er forskjellige.
Med alle dei masseproduserte varene vi har i dag, der automatiserte produksjonslinjer ofte er det utførande produksjonsleddet, kan vi ikkje utan vidare nytte den gamle handverkstradisjonen til produksjon. For å sikre ein jamn produktkvalitet og at det er mogleg å repetere funksjonelle eigenskapar og utforminga av produktet, må vi i større grad dokumentere eigenskapane og utforminga til produktet. Ein del av denne dokumentasjonen blir laga i form av teikningar.
Kvifor visualisere ved hjelp av teikning?
Som regel visualiserer vi ved hjelp av bilete, anten i form av ein fysisk modell, i form av foto eller video eller i form av teikningar. Dersom produktet skal produserast, vil vi ha behov for ei meir nøyaktig beskriving av produktet enn kva eit bilete kan gi. Vi har behov for å vise dimensjonar og toleransar og for å beskrive overflata osv. Dette blir spesielt viktig dersom fleire bedrifter skal produsere same produktet, eller om bedriftene skal produsere kvar sine enkeltelement som skal inngå i eit ferdig produkt.
I det globale produksjonsmiljøet som kjenneteiknar verda i dag, er vi etter kvart vane med at ein del av produktet blir produsert i eitt land, og at denne produktdelen deretter blir montert saman med andre produktdelar frå andre land. Det blir derfor svært viktig at delane passar saman med den nøyaktigheita som er påkravd. Teikningar er her ei vesentleg informasjonskjelde. Det å kunne utvikle gode teikningar i tillegg til å kunne forstå desse er derfor nødvendig kunnskap.