Hopp til innhald

Fagstoff

Alkan

Dei aller enklaste organiske stoffa består berre av karbon og hydrogen, og blir kalla hydrokarbon.
Metanmolekyl (hydrokarbon). Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Metan består av eitt karbonatom og fire hydrogenatom. Etan består av to karbonatom og seks hydrogenatom.

Alkan består berre av hydrogen og karbon, og har berre enkeltbindingar. Det enklaste alkanet er metan, som har kjemisk formel CH4.

Etan, 3D-modell. Illustrasjon.

Ser du samanhengen?

Kvifor har etan akkurat seks hydrogenatom? Svaret har med åtteregelen å gjere. Karbon har fire elektron i ytste skal, men ønskjer åtte. For å få til dette opprettar karbon fire bindingar med andre atom. Sjå på kulepinnemodellen, og tel talet på bindingar for kvart av karbonatoma (dei mørkegrå kulene). Får du det til å bli fire på begge to? Det er éi binding mellom dei to karbonatoma, og dette blir kalla ei enkeltbinding.

Nedanfor ser du ei oversikt over dei fire minste alkana. Naturgass består for det meste av metan, men også noko etan, propan og butan.

Oversiktstabell med dei fire minste alkana. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Rune Mathisen.
Sist fagleg oppdatert 18.05.2022

Læringsressursar

Organisk kjemi