Hopp til innhald

Fagstoff

Reaksjonsligningar

Ei reaksjonslikning er ei skriftleg framstilling av ein kjemisk reaksjon. Vi bruker dei kjemiske formlane til alle stoffa som inngår i reaksjonen, og skil råstoffa frå produktet med ein pil.
Laboratorieglass med fargede væsker i. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Reaksjonslikninga for danning av vatn

Her er reaksjonslikninga for ein reaksjon mellom hydrogengass og oksygengass, der vatn blir danna:

H2+O2H2O

Pilen i likninga kan du lese som «går til». Det er altså hydrogengass og oksygengass som går til å bli vatn.

No må vi gjere litt rekneskap over alle atoma i reaksjonen. Det er to hydrogenatom i hydrogengass (H2), og det er to hydrogenatom i vatn (H2O). Det er altså to hydrogenatom på kvar side av pilen, og slik må det vere. Atom av eit spesielt grunnstoff kan ikkje oppstå eller forsvinne i ein kjemisk reaksjon.

Men kva med oksygen? Det er to oksygenatom i oksygengass (O2), men berre eitt oksygenatom i vatn. Sidan atom ikkje kan forsvinne i ein kjemisk reaksjon, må det vere noko feil i reaksjonslikninga.

Balansering av ligninga

No tenkjer du kanskje at dette må vere den rette likninga:

H2+O2H2O2

Stoffet H2O2 blir kalla hydrogenperoksid og er det stoffet ein bruker for å bleikje håret. Men hydrogenperoksid kan ikkje bli laga ved å berre blande hydrogengass og oksygengass, så dette er òg feil!

Svaret på dette problemet er at vi må «balansere» likninga. Det vil seie at vi må få forholda mellom råstoffa riktig, akkurat som i ei matoppskrift. Vi balanserer likningar ved å setje eit tal framom stoffa i reaksjonslikninga. Viss vi set talet 2 framom H2, betyr det at to hydrogengassmolekyl inngår i reaksjonen.

Den ferdig balanserte likninga blir slik:

2H2+O22H2O

No står det: To hydrogengassmolekyl og eitt oksygengassmolekyl går til to vassmolekyl.

Viss vi tel opp kor mange atom det er på kvar side av pilen, ser vi at vi har fire hydrogenatom på venstre side og fire på høgre side. For oksygen har vi to oksygenatom på venstre side og to på høgre side. Likninga går opp, og vi har balansert ho.

Reaksjonslikningar er «oppskrifter» på kjemiske reaksjonar. Dei blir balanserte for å få dei rette forholda mellom utgangsstoffa og produkta.

Simulering frå Phet

CC BY-SASkrive av Rune Mathisen.
Sist fagleg oppdatert 09.05.2018

Læringsressursar

Organisk kjemi