Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Badesalt og skrubb UB

Når vi skal berekne oss fram til en utsalspris for eit produkt, har vi ulike metodar vi kan bruke. I denne oppgåva skal du bruke ei kostnadsbasert prissetting, som tek utgangspunkt i kostnadene direkte knytt til produktet. For å berekne pris med denne metoden må du bruke ein sjølvkostkalkyle.
Ei gruppe ungdomar står tett saman på rekkje og smiler. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ungdomsbedrifta Badesalt og skrubb UB har følgjande forretningsidé:

"Badesalt og skrubb UB skal selje produkt til kvinner og menn som er opptekne av helse og velvære. Produkta er produserte lokalt og berekraftig med miljøvennlege ingrediensar."

Ungdomsbedrifta skal sjølv blande saman badesalt av havsalt og lavendel og selje det i små glasflasker. Dei har funne lokale leverandørar, ein som vinn ut salt frå havvatn og ein annan som dyrkar økologisk lavendel.

Dei har òg fått ein avtale med eit lokalt hotell som er villig til å tilby produktet til kundane sine. Så no står det berre att å finne ut: Kva bør prisen vere?

Oppgåve

Badesalt og skrubb UB har følgjande kostnader i samband med produktet sitt:

  • 10 glasflasker frå leverandøren kostar kr 199 inkludert mva.

  • Havsalt kostar kr 49 inkludert mva. per liter, og det blir brukt 40 ml per flaske.

  • Lavendel kostar kr 499 inkludert mva. per liter, og det blir brukt 10 ml per flaske.

  • Bedrifta bereknar indirekte kostnader (marknadsføring og andre driftskostnader) til å vere 80 prosent.

  • Dei vil òg leggje til 20 prosent forteneste.


  1. Berekn inntakskosten for éi flaske badesalt.

  2. Berekn kva salsprisen skal vere. Hugs at ungdomsbedrifter ikkje skal leggje til meirverdiavgift.

  3. Berekn avansen i kroner og prosent.

  4. Kva for ein psykologisk justert pris vil du tilrå? Kva blir eventuelt justert forteneste per flaske?

  5. Bedrifta ønskjer å gi 10 prosent kvantumsrabatt dersom hotellet kjøper 10 flasker om gongen. Kva blir prisen og fortenesta per flaske då?



Relatert innhald

Ei produksjonsbedrift sel eigenproduserte varer. Den prisen bedrifta oppnår for vara, må vere høgare enn kva det kosta å produsere vara.

Løysingsforslag

Filer

CC BY-SASkrive av Cecilie Lund.
Sist fagleg oppdatert 21.01.2022

Læringsressursar

Prissetjing