Hopp til innhald

Fagstoff

Prissetjingsmetodar

Du kan finne to ganske like bukser som kostar høvesvis 199 kroner og 1599 kroner. Kvifor kan prisen på to nesten like produkt vere så ulik? Vi skal sjå på korleis bedrifter bruker ulike metodar i prissetjingsarbeidet avhengig av produkt, kostnader og marknad.
Samanhengen mellom prissetjingsmetodar og kalkylar. Illustrasjon
Opne bilete i eit nytt vindauge

Verdibasert/marknadsbasert prissetjing

Ved verdibasert/marknadsbasert prissetjing finn vi den prisen som marknaden er villig til å betale. Vi kan òg seie at kundane set ein verdi på produktet.

Prisen på bukser blir ofte bestemt etter ein verdibasert eller marknadsbasert prissetjingsmetode og er derfor ikkje basert på kostnader. Det vil seie at utsalsprisen ofte blir sett høg, sjølv om kostnadene er relativt låge. Dei fleste bukser blir produserte i lågkostland, noko som gjer det mogleg å selje dei billeg – sjølv om det ofte òg er andre kostnader i produksjonen av bukser – som design og ulike materialkvalitetar.

Utsnitt frå klesbutikk. Det heng bukser langs veggane, og det ligg fint samanbretta bukser på bord midt i rommet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Med verdibasert/marknadsbasert prissetjing kan vi sikre oss høg forteneste ved at vi tek ein høg pris for produktet vårt, sjølv om kostnadene er låge. Vi må gjere grundige marknadsundersøkingar for å vere sikre på at prisen blir oppfatta som riktig av kundane.

Bidragskalkyle

Når prisen kundane er villige til å betale er kartlagt, bruker vi bidragskalkylen til å finne . Dekningsbidraget må vere positivt, slik at det bidreg til å dekke dei faste kostnadene og forteneste for bedrifta. Dersom dekningsbidraget blir for lite, er det ikkje lønnsamt å selje denne vara på marknaden.

Les meir om bidragskalkylen.

Kostnadsbasert prissetjing

Vel vi ei kostnadsbasert prissetjing, tek vi utgangspunkt i kva kostnader bedrifta har knytte til det enkelte produktet. For å berekne pris ved kostnadsbasert prissetjing bruker vi gjerne ein sjølvkostkalkyle.

Sjølvkostkalkylen

Tabell som viser ein sjølvkostkalkyle. Tabellen viser at inntakskost pluss indirekte kostnader er lik sjølvkost, at sjølvkost pluss forteneste er lik pris utan mva., og at pris utan mva. pluss mva. er lik pris med mva. Illustrasjon.

For å setje opp ein sjølvkostkalkyle må vi kjenne dei direkte kostnadene knytte til det enkelte produktet. Innkjøpspris pluss eventuelt frakt og avgifter blir kalla inntakskost, og er den direkte kostnaden.

Bedrifter har i tillegg kostnader som ikkje er relaterte direkte til det enkelte produktet, og det er typisk administrasjonskostnader, lønn og andre faste kostnader. Dette kallar vi indirekte kostnader. Dei indirekte kostnadene er oftast gitt som ein prosent av inntakskost. Når vi legg direkte og indirekte kostnader saman, får vi sjølvkost.

Prisen på eit produkt må dekke alle kostnadene og gi oss ei forteneste. Fortenesta blir berekna som ein prosentsats av sjølvkost. Ein fordel med kostnadsbasert prissetjing er at vi har god kontroll over lønnsemda.

Les meir om sjølvkostkalkylen.

Konkurransebasert prissetjing

Konkurransebasert prissetjing startar med å analysere kva prisar konkurrentane tek for tilsvarande produkt. Så kan vi anten ta same pris eller ein lågare pris.

Tek vi same pris for ei bestemd bukse som andre butikkar i nærleiken, kan kundane like gjerne kjøpe ho hos konkurrentane. Tek vi ein mykje lågare pris enn nabobutikkane, kan det hende at dei går til "priskrig" mot oss. Prisen blir sett lågare og lågare for å få fleire kundar. Priskrig kan føre til at vi ikkje får dekt kostnadene våre, og at vi dermed heller ikkje får noka forteneste. Ikkje nokon av dei konkurrerande verksemdene tener på for låg pris over lengre tid.

Når vi bruker ei konkurransebasert prissetjing, bruker vi òg bidragskalkylen slik som med verdibasert/marknadsbasert prissetjing. Vi tek utgangspunkt i prisen vi meiner er riktig i forhold til prisen til konkurrentane, trekker frå dei variable kostnadene og finn dekningsbidraget. Dekningsbidraget må vere positivt. Summen av dekningsbidrag for verksemda må vere så stor, at det med frådrag av dei faste kostnadene gir eit positivt resultat.

Pris på drivstoff blir vist i eit display på ein bensinstasjon. Det står "Alltid åpent" og følgande siffer: "95: 16.21" og "D: 14.67". Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dynamisk prissetjing

Ved dynamisk prissetjing varierer prisen på produktet i forhold til den betalingsviljen vi trur folk har. Til dømes varierer prisen på elektrisitet i løpet av døgnet.

Datateknologi har gjort dynamisk prissetjing til ein effektiv prissetjingsmetode. Målet er profittmaksimering ved å få ut mest mogleg av kundane sin betalingsvilje. Det blir mellom anna brukt aktivt av flyselskap og hotell.

Ved bruk av bidragskalkylen kan vi kontrollere at alle prisar som blir sette gir eit positivt dekningsbidrag, og at sum dekningsbidrag både dekker dei faste kostnadane og gir forteneste.

Kraftgate i motlys når det er solnedgang, omgitt av høge tre. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge


CC BY-SASkrive av Cecilie Lund.
Sist fagleg oppdatert 26.07.2023

Læringsressursar

Prissetjing