Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Analyser politiske tekstar i sosiale medium

Politikarar har dei siste åra lagt stor vekt på å bruke sosiale medium til å formidle debattinnlegg. Ein grunn er at dei ønskjer å nå ut til yngre veljarar. Medietekstane består ofte berre av eit enkelt bilete, grafiske element og korte verbaltekstar.

Oppgåve 1

Analyser denne Instagram-reklamen for Framstegspartiet.

Eit portrett av Sylvi Listhaug med tre tekstfelt. Tekst 1: "Ja til streng og ansvarlig innvandringspolitikk. Enig?" Tekst 2: "I Norge sier vi nei til kjønnsdeling av undervisning." Tekst 3: "FRP.no: –Innvandrere må tilpasse seg norsk kultur." Skjermdump frå mobiltelefon.
  1. Beskriv portrettet av Frps leiar Sylvi Listhaug. Kva fortel blikk, positur, klesdrakt og biletbakgrunn om Listhaug som person og partileiar?

  2. Beskriv utforminga av logoen til Framstegspartiet. Kva meining les du ut av måten logoen er utforma på?

  3. Gjennomfør ein retorisk analyse av desse tre verbaltekstane:
    Tekst 1: "Ja til streng og ansvarlig innvandringspolitikk. Enig?"
    Tekst 2: "I Norge sier vi nei til kjønnsdeling av undervisning."
    Tekst 3: "Innvandrere må tilpasse seg norsk kultur."

  4. Beskriv samspelet mellom verbaltekstar, fotografi, logo og grafisk utforming. Korleis er form og innhald med på å formidle hovudbodskapen i denne politiske reklameteksten?

Oppgåve 2

Eit mem (engelsk meme) er eit uttrykk som blir kopiert og endra slik at det utviklar seg, før det blir delt vidare. Eit mem kan til dømes kople eit kjent visuelt uttrykk til ein ny verbalbodskap, slik at det får ei heilt ny meining.

  1. Lag ein retorisk analyse av Sylvi Listhaugs Facebook-post ut frå det du veit om mem og samspel mellom bilete og verbaltekst i samansette tekstar. Kommenter også kontrasten mellom portrettbiletet og Facebook-innlegget

  2. Kvifor trur du Listhaugs kommunikasjonsrådgivar utforma innlegget nettopp slik?

  3. Kvifor du trur mange reagerte negativt på dette debattinnlegget?

Facebook-kontoen til Sylvi Listhaug med portrettbilete av ei smilande Listhaug med norsk natur i bakgrunnen. Ved sida av står eit Facebook-innlegg frå 9. mars med bilete av maskerte framandkrigarar og teksten "AP mener at terroristenes rettigheter er viktigere enn nasjonens sikkerhet. LIK OG DEL".  Over biletet står det: "Vi vil inndra pass og statsborgerskap til fremmedkrigere og terrorister raskt og effektivt. Det vil Arbeiderpartiet stemme ned. I kampen mot terror kan vi ikke sitte og toe hendene våre!" Faksimile.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 16.02.2022

Læringsressursar

Biletanalyse og bilete i kontekst