Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kampanje frå Forsvaret

Forsvaret har med jamne mellomrom omdømmekampanjar. Vi skal undersøkje korleis verkemidla endrar seg alt etter kva uttrykksformer dei bruker. Arbeid saman om å samanlikne to samansette tekstar: ein annonse og ein reklamefilm.
Soldatar frå Telemark Bataljon reddar ut "skadde" markørar under ei øving. Tre menn i kamuflasjedraktar ber ein "skadd" person mellom seg. Ein fjerde soldat går framfor dei andre til høgre i biletet med eit gevær i hendene. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Diskuter:

Kva veit de om Forsvaret, og kva verdiar knyter de til militæret?

Oppgåve

Forsvaret lanserte kampanjen: "For alt vi har. Og alt vi er" for første gong i 2012. Foto, logo og verbaltekst blei brukt i seks ulike annonsar. Seinare har dei brukt endå meir samansette uttrykk. I 2018 kom filmen Fantastiske ingenting, og i 2021 kom Det var ein gong eit land. I denne oppgåva skal de samanlikne ein av annonsane frå 2012 med ein av reklamefilmane.

Tekstgrunnlag:

Vel ein av seks annonsar:
PDF-filer er tilgjengelege på Kreativt Forum si nettside: Omdømmekampanje Forsvaret (2012)

Vel ein YouTube-video:
Fantastiske ingenting (2018) eller Det var ein gong eit land (2021)

Gruppearbeid

Samarbeid i grupper på 4 elevar.

Del 1: Val av tekst og presentasjon av tekstane

Bli einige om kva annonse og kva reklamefilm de vil analysere. Samarbeid om å beskrive avsendar, bodskap, formål med kampanjane, og kven som er målgruppa for tekstane.

Del 2: Analyser tekstane kvar for seg

To elevar samarbeider om å analysere ein annonse. De kan bruke dokumentasjonsverktøyet under som støtte.

Dei andre to elevane samarbeider om å analysere ein av reklamefilmane. Bruk gjerne dokumentasjonsverktøyet under som hjelp.

Del 3: Heile gruppa samarbeider om å samanlikne dei to tekstane

  1. Gruppa presenterer analysane frå del 2 for kvarandre.

  2. Finn ut kva dei to tekstane har felles, og kva som er ulikt. Bruk gjerne eit venn-diagram til å systematisere.

Venndiagram. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Vurder korleis val av uttrykksmåtar påverkar kva verkemiddel som er brukte.

  2. Kva for ein av dei to tekstane meiner de når best fram til målgruppa si? Grunngi svaret.

Del 4: Gruppa presenterer samanlikninga av dei to tekstane for klassen

  1. Samanfatt samanlikninga av tekstane i del 3.

  2. Presenter kva de fann ut og korleis de vurderer kommunikasjonen i dei to tekstane for resten av klassen.

Relatert innhald

Ein statisk tekst står stille, medan ein dynamisk tekst er i bevegelse. Vi ser på korleis dette påverkar bruken av verkemiddel.

Reklame er eit viktig hjelpemiddel for ein produsent som ønskjer å selje ei vare eller ei teneste.

Del 5: Retorisk analyse

Vel om du vil skrive ein retorisk analyse av annonsen eller reklamefilmen gruppa di valde og bygg vidare på gruppearbeidet. Bruk gjerne punkta under til å skape ein god struktur i analysen.

Den retoriske situasjonen

Når du skal gjere greie for den retoriske situasjonen til ein tekst, skal du vurdere den konteksten han kom ut i.

  • Kven seier kva til kven?
    Presenter avsendaren, og korleis dei formidlar bodskapen sin til målgruppa si.

  • I kva anledning er teksten skapt?
    Presenter konteksten. Flett gjerne inn omgrepet kairos, der du vurderer tidspunktet teksten blir send ut og publisert i.

Appellformene: etos, patos og logos

Vurder korleis verkemidla i teksten kan koplast til dei retoriske appellformene:

Etosappell

  • Innleiande etos: Kva slags oppfatning har du av Forsvaret frå før? Grunngi kvifor.

  • Avleia etos: Kva slag inntrykk får du av Forsvaret gjennom kampanjen? Styrkjer eller svekkjer dei etosen sin? Grunngi kvifor.

  • Endeleg etos: Kva slags heilskapsinntrykk av Forsvaret sit du igjen med til slutt?

Patosappell

Kva verkemiddel blir brukte til å skape engasjement og til å spele på kjenslene til mottakarane?

Logosappell

  • Har teksten saksinformasjon og argument som speler på fornuft og sannsyn?

  • Korleis er argumentasjonen bygd opp?

  • Er argumentasjonen haldbar og relevant?

Vurder topos

Topos handlar om kvar avsendar finn argument for å overtyde. Bruker Forsvaret oppfatningar det er einigheit om som utgangspunkt for kampanjen sin?

  • Kva verdiar og haldningar formidlar kampanjen, og kvifor har Forsvaret valt å framstille det slik?

  • Deler du eller folk flest verdiane og oppfatningane i teksten?

  • Er dette argument vi vanlegvis tek for gitt, og går det an å sjå det på fleire måtar?

Konklusjon og vurdering

Samanfatt heilskapsinntrykket av teksten.

  • Verkar teksten overtydande?

  • Når avsendaren mottakargruppa si?

Relatert innhald

Kva betyr det retoriske omgrepet "topos", og kvifor er det nyttig?



CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 01.03.2022

Læringsressursar

Biletanalyse og bilete i kontekst