Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Utforsk status for ytringsfridom og ytringsansvar i Noreg

Bruke ulike kjelder til å utforske korleis det står til med ytringsfridom og ytringsansvar i Noreg i dag. Dei funna de gjer, skal de presentere for andre elevar på skulen i form av eit blogginnlegg.
Kvinne med lommelykt i ei snakkeboble. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utforskande arbeidsoppdrag

Ved å samanlikne informasjon frå ulike offentlege dokument og statistikkar kan du danne deg eit bilete av tilstanden til ytringsfridom og ytringsansvar i landet vårt.

Jobb gjerne saman i små grupper, og fordel kjeldene mellom dykk. I tillegg til dei oppgitte kjeldene kan de søkje etter informasjon på eiga hand. Legg merke til kven som er avsendar, og når dei ulike dokumenta er publiserte.

Det de finn ut om status for ytringsfridom og ytringsansvar i Noreg i dag, skal de presentere for andre elevar på skulen i form av eit blogginnlegg. Blogginnlegget skal ha ein passande tittel som vekkjer nysgjerrigheit og engasjement.

Aktuelle kjelder

Relatert innhald

Kva er det viktigaste ein bør sjå etter når ein skal lese statistikk?

Ein blogg er ein personleg nettekst.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 16.11.2021

Læringsressursar

Ytringsfridom og ytringsansvar