Hopp til innhald

Fagstoff

Bruk skulebiblioteket!

Det er aldri feil å ta ein tur innom skulebiblioteket. Her finn du både nyttig og underhaldande lesestoff. Du får hjelp til å finne kjelder og til å bruke dei rett. Dessutan kan du få hjelp til å bruke digitale søketenester.
Leande jente på eit skulebibliotek. I bakgrunnen er det hyller med utlånsbøker. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Få hjelp i læringsarbeidet

Når du treng hjelp med ei oppgåve, skaffar skulebibliotekaren deg relevant lesestoff som passar til nivået du ligg på.

Bli ein betre lesar

Biblioteket køyrer gjerne fleire leseprosjekt for elevar gjennom året, også i samarbeid med lærarane dine. Lesing er ein viktig nøkkel til kunnskap, kreativitet og kommunikasjon, og må øvast på heile livet.

Lær rett bruk av kjelder

Bibliotekaren har høg digital kompetanse og kan vise deg korleis du finn eigna kjelder, både digitale og i papirformat. Han eller ho kan gi deg opplæring i

  • søk etter kjelder

  • utveljing av kjelder
  • kjeldekritikk

  • reglar for kjeldebruk i tekstar
  • oppsett av kjeldelister
  • opphavsrett og nettvett

Pedagogisk støtte

Bibliotekarane kan bidra i undervisningsopplegg i ulike fag og samarbeider ofte med faglærarar. Til dømes kan bibliotekaren informere om aktuelle kjelder, eller om lesestoff som eignar seg til bestemte oppgåver du skal jobbe med.

Anna du kan finne på biblioteket

Skulebiblioteket kan gi deg eit nasjonalt lånekort. Dette kortet kan du bruke til sjølvbetjent lån. Det gir deg også tilgang til enkelte digitale ressursar, slik som låneoversikta di. Med eit nasjonalt lånekort har du dessutan høve til å nytte tenestene til bibliotek andre stader i Noreg.

Biblioteket tilbyr også andre digitale tenester:

  • Tilgang til digitale avisarkiv, blad og filmtenester
  • Utlån av digitale bøker. I Noreg tilbyr dei fleste biblioteka utlån av digitale bøker. Du låner via appar som Book Bites eller Allbok. Bibliotekarane hjelper deg å komme i gang med utlån.
  • Mange bibliotekarar har òg ansvaret for å skaffe digitale læremiddel til elevar.

Biblioteket – ein god stad å vere!

  • Eit skulebibliotek skal bidra til trivsel og til eit godt læringsmiljø.
  • Du kan bruke biblioteket både når du skal gjere skulearbeid og når du har behov for å kople av. Du kan spele spel, lese aviser og blad og få tips til film og litteratur.
  • Du kan følgje skulebiblioteket ditt i sosiale medium, og få tips om lesestoff og arrangement.
CC BY-SASkrive av Else Brita Ness.
Sist fagleg oppdatert 20.05.2020

Læringsressursar

Kjeldebruk og kjeldetilvising