Hopp til innhald

Fagstoff

Bli ein målretta navigatør

Øver du deg på strategiar for søk, kontroll av lesing og reparasjon når du ramlar ut, kan du bli ein riktig målretta navigatør på nett.

Sjølv om navigasjon er tett knytt opp mot lesekompetanse, er det likevel ein eigen kompetanse det går an å øve og bli god på. Du kan altså øve deg på å bli ein god navigatør på nett, slik du kan øve deg på å bli ein god lesar.

Du kan tileigne deg gode vanar og ulike teknikkar når du skal navigere på nett. Det gjer det lettare for deg, spesielt å løyse vanskelege navigasjonsoppgåver.

Det er tre ting det er viktig å ha strategiar for.

Finne fram

Det er viktig å kunne finne fram til dei sidene der du finn informasjonen du treng. Løysinga er å bruke gode søkjeord, eit nyansert språk, altså synonym og variantar av ord som har å gjere med det du er ute etter.

Kontrollere lesinga

Det andre det er viktig å ha strategiar på, er å kontrollere lesinga. Det er ei ekstra stor påkjenning for arbeidsminnet å lese på nett. Hjernen jobbar på høggir, det er lett å gå seg vill og ikkje alltid så lett å få med seg det som skjer når du navigerer frå stad til stad. Då er det bra å ha strategiar som hjelper deg med å kontrollere framdrifta i navigasjonen.

Reparasjon

Når du gått deg vill, for det gjer vi alle saman, treng du å ha strategiar som ta deg "heim" igjen.

  • Kor starta eg?
  • Kva for søkjeord var det som fungerte?
  • Korleis kjem eg meg tilbake?

Målretta, ivrige og passive navigatørar

666 elevar fekk i oppgåve å navigere og lese på nett. Dei jobba med oppgåver i 40 minutt, og forskar Tove S. Frønes undersøkte korleis elevane klikka for å løyse oppgåvene.

Ho fann ut at elevane kunne delast inn i målretta navigatørar, ivrige navigatørar og passive navigatørar. Dei målretta navigatørane var best til å løyse oppgåver.

Ho fann òg ut at navigasjonskompetanse ikkje er det same som lesekompetanse. Det er bra, for det betyr at det går an å øve seg og bli god spesielt på navigasjon.

CC BY-SASkrive av Tove Stern Frønes.
Sist fagleg oppdatert 05.11.2018

Læringsressursar

Kjeldebruk og kjeldetilvising