Hopp til innhald

Litterære tekstar

Då musene heldt møte

Uttrykket "å henge bjølla på katten" stammar frå denne fabelen som blir tilskriven den greske fabeldiktaren Æsop (ca. 500 f.Kr.)
Ei gruppe med mus i eit stort rom. Musene dansar på to bein. På eit bord i bakgrunnen står ei mus som held i ei bjelle som er festa til eit band. Bak i rommet er det eit vindauge, og vindaugsopninga gir utsyn til ein del av taket på nabohuset. På dette taket står det ein svart katt. Teikning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Musene heldt ein gong møte for å finne ut kva dei skulle gjere med plageånda si, katten. Han var jo på jakt etter dei både seint og tidleg, låg på lur eller lista seg etter dei utan ein lyd; og før ein visste ordet av det, slo han kloa i ein stakkar.

Mange av musene hadde ordet og foreslo både det eine og det andre, men ingen klarte å komme på noko som kunne hjelpe mot Mons. Då var det til slutt ei ung, lita mus som foreslo at dei skulle henge ei bjølle på katten, då ville alt bli så bra: "Berre katten så vidt rører på seg, kjem bjølla til å klinge og varsle oss, så vi kan komme oss unna!"

Dei andre musene syntest at dette var ein strålande idé, og dei peip og hoppa og dansa av glede. Berre ei gammal mus sat stille og sa ikkje noko, men så tok ho ordet til sist:

"Dette er eit utmerkt framlegg", sa ho alvorleg, "og eg er sikker på at det ville hjelpe. Det er berre éin ting eg må spørje om."

"Og kva er det, då? Kom med det, kom med det!" ropte musene i kor.

"Kven skal henge bjølla på katten?" spurde den gamle. Stilt forsvann musene ei etter ei og gøymde seg i kvart sitt hòl.

Kloke ord er ingenting verde om dei ikkje blir sette om til handling.

CC BY-SASkrive av Æsop.
Sist fagleg oppdatert 31.01.2023

Læringsressursar

Episk dikting