Hopp til innhald

Litterære tekstar

Dei tre bukkane Bruse som skulle til seters og gjere seg feite

Norsk folkeeventyr

Det var ein gong tre bukkar som skulle gå til setra og gjere seg feite, og alle tre heitte dei Bukken Bruse. På vegen var det ei bru over ein foss som dei skulle over, og under den brua budde eit stort, fælt troll, med auge som tinntallerkenar, og nase så lang som eit riveskaft.

Først kom den yngste Bukken Bruse og skulle over brua.
Tripp trapp, tripp trapp, sa det i brua.
”Kven er det som trippar på mi bru?” skreik trollet.
”Å, det er den minste Bukken Bruse; eg skal til setra og gjere meg feit”, sa bukken, han var så fin i målet.
”No kjem eg og tek deg”, sa trollet.
”Å nei, ta ikkje meg, for eg er så liten, eg; vent berre litt, så kjem den mellomste Bukken Bruse, han er mykje større.”
”Ja nok”, sa trollet.

Om ei lita stund kom den mellomste Bukken Bruse og skulle over brua.
Tripp trapp, tripp trapp, tripp trapp, sa det i brua.
”Kven er det som trippar på mi bru?” skreik trollet.
”Å, det er den mellomste Bukken Bruse, som skal til setra og gjere seg feit”, sa bukken; han var ikkje så fin i målet, han.
”No kjem eg og tek deg”, sa trollet.
”Å nei, ta ikkje meg, men vent litt, så kjem den store Bukken Bruse, han er mykje, mykje større.”
”Ja nok da”, sa trollet.

Rett som det var kom den store Bukken Bruse.
Tripp trapp, tripp trapp, tripp trapp, sa det i brua; han var så tung at brua både knaka og braka under han!
”Kven er det som trampar på mi bru?” skreik trollet.
”Det er den store Bukken Bruse”, sa bukken, han var så grov i målet.
”No kjem eg og tek deg”, skreik trollet.
”Ja, kom du! Eg har to spjut, med dei skal eg stange augo dine ut! Eg har to store kampesteinar, med dei skal eg knuse både merg og bein!” sa bukken.

Og så rauk han på trollet og stakk ut augo på det, slo sund både merg og bein, og stanga det utfor fossen; og så gjekk han til setra. Der vart bukkane så feite, så feite at dei nesten ikkje orka å gå heim att; og er ikkje feittet gått av dei, så er dei det enno.

Og snipp snapp snute, her er det eventyret ute.

Relatert innhald

Folkeeventyra vert gjerne delte inn i tre hovudgrupper: dyreeventyr, dei eigentlege eventyra og skjemteeventyr.

CC BY-SASkrive av Ukjent , Peter Christen Asbjørnsen og Jørgen Moe.
Sist fagleg oppdatert 11.07.2017

Læringsressursar

Episk dikting