Hopp til innhald

Fagstoff

Lastebilskåp

Skåp, eller transportbehaldar, er ein type påbygg for lastebilar. Det finst mellom anna stykkgodsskåp, termoskåp og ATP-godkjende skåp.
Ein lastebil med stykkgodsskåp sett på skrå bakfrå. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Skåp for lastebilar

Eit skåp blir også kalla ein transportbehaldar. Skåpet har tak, faste vegger og dører. Det er isolert og vernar varene mot påverknad frå vêr og vind. Sidan ein kan låse skåpet, blir faren for svinn redusert. Ein kan utstyre eit skåp med heil sideopning, og såleis tilpasse det til dei fleste behov. Ofte har skåpet ein bakløftar òg.

Skåp har gjerne fester for lastsikringsutstyr i golvet. På veggen inne i skåpet kan det vere ei skjene til å stengje godset i lengderetninga. Skåp kan også ha utstyr for å transportere hengande last.

Stykkgodsskåp

Eit skåp utan temperaturregulering eller anna spesialutrusting enn ein bakløftar blir gjerne kalla eit stykkgodsskåp.

Ein person bruker ei jekketralle til å losse ein pall med ei sementblokk på frå ein skåpbil med bakløftar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Termoskåp

Gods som krev temperaturregulering, blir transportert i skåp som er utstyrte med aggregat eller andre innretningar for å styre temperaturen inne i skåpet. Slike varer blir ofte kalla for termo- eller ATP-gods. ATP-gods er matvarer som lett blir skjemde.

ATP-godkjende skåp

Ein bil som er godkjend for ATP-gods, kan vere 2,6 m brei. Transportbehaldarar, eller skåp, som er godkjende etter ATP-føresegnene, er merkte med ein kode og sluttdatoen (månad og år) for godkjenninga. Koden fortel kva temperaturområde utstyret er godkjent for. Dei vanlegaste kodane er FRC og FNA.

Meir informasjon om ATP, eller avtale om internasjonal transport av lett bedervelige matvarer og spesialutstyr som skal nyttes til slik transport, finst på Mattilsynets ATP-sider.

Frontpartiet på ein semitrailer med termoskåp med aggregat, sett frå sida. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Per Haukeberg og Arne Skrede. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 07.03.2022

Læringsressursar

Påbygg