Hopp til innhald

Fagstoff

Lasteplan

Her skal vi lære litt om lasteplan, som er den enklaste forma for påbygg på lastebilar.
Ein lastebil med ope plan. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lasteplan

Eit lasteplan består av eit flak, eller eit golv med ein framvegg og karmar bak og på sidene. Framveggen skal normalt dekkje heile førarhuset, men det er ikkje krav til karmane på sidene og bak. Det vanlege er likevel at det er karmar som er cirka 1 meter høge.

Flaket har gjerne fester for lastsikringsutstyr. Skal lasta vernast mot vêr og vind, må ein bruke presenning. Flaket kan vere utstyrt med festemekanisme for transport av konteinarar, eller ein kan setje på eit kapell, som gjer påbygget til eit tett rom.

Kran

Lastebilar med kran har som regel eit lasteplan òg, slik at bilen kan ta med last og laste denne av og på sjølv ved hjelp av krana. Krana kan vere montert framme på bilen, mellom lasteplanet og førarhytta, eller heilt bak på lasteplanet. Dette blir kalla høvesvis frontmontert eller bakmontert kran.

Ein lastebil med plan og frontmontert kran. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kapell

Veggene i eit kapell er laga av duk og liknar på presenning. Duken ligg over eit stativ som er festa til lasteplanet. Rommet blir tett og gir godt vern av godset. Samtidig er påbygget lett, noko som er viktig sidan ein ønskjer at nyttelasta skal vere størst mogleg.

Eit kapell blir også kalla eit gardinpåbygg. Er det ein semitrailer, vil ein kalle det ei gardintralle. På eit gardinpåbygg kan presenningsduken på sidene skyvast heilt fram eller tilbake, og dermed er heile sida open. I dei fleste tilfella er det karmar på innsida, som hindrar godset i å presse direkte på duken i veggen. Kapell blir brukt til dei fleste typar gods der kravet berre er eit tørt transportmiddel.

Ein semitrailer med kapell. Foto.
CC BY-SASkrive av Per Haukeberg og Arne Skrede. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 07.03.2022

Læringsressursar

Påbygg