Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Å vere profesjonell

Har du tenkt over kva det vil seie å vere profesjonell? I kortfilmen nedanfor kan du høyre fleire tankar om kva det kan bety. Er du samd i alle fråsegnene?

Diskusjonsoppgåve i grupper

  1. Sjå gjennom filmen. Kva eigenskapar blir nemnde som kjenneteikn på profesjonalitet?
  2. Diskuter kva de synest er eigenskapane til nokon som er profesjonell. Kjem de på andre ting enn det som er nemnt i filmen?
  3. Diskuter kva profesjonalitet er for serviceyrke. Er det forskjell på kva som er viktig for ein kontormedarbeidar og ein vektar?
  4. Lag ei ordsky basert på orda de meiner kjenneteiknar profesjonalitet for minst to ulike serviceyrke. Desse kan de gjerne skrive ut og henge opp i klasserommet med yrkestittelen som overskrift. Tips til verktøy finn du i boksen nedanfor.

Lenkjer til digitale verktøy for ordskyer:

WordArt

WordClouds

WordItOut

CC BY-SASkrive av Anki Olsen.
Sist fagleg oppdatert 30.11.2020

Læringsressursar

Servicerolla og omdømme