Kvifor er god service så viktig? Kva er CRM? Dette er noko av det du får svar på ved å lytte til podkasten «Service og CRM», der CRM-direktør Tore Berntsen blir intervjua.
Lytt til podkasten «Service og CRM»
Oppgåver til podkasten
Forslag til arbeid med oppgåvene:
- Jobb gjerne i par.
- Presenter svara for klassen.
- Ha ein diskusjon om oppgåvene i klassen til slutt.
- Kva er CRM?
- God service er avhengig av kva vi som forbrukarar forventar oss. Korleis blir god service beskrive i podkasten?
- I podkasten seier Tore Berntsen at verksemder må rydde bort det som kan skape såkalla «friksjon» blant kundane. Kva blir her meint med friksjon? Nemn nokre døme på slik friksjon.
- Kvifor er eigentleg service så utruleg viktig?
- Gi døme på korleis service kan kome til syne gjennom heile kundereisa – både før, under og etter eit kjøp.
- Gi døme på typar av kompetanse som er viktig for verksemder å ha, for å kunne yte så god service som mogleg.
- Tore Berntsen, som blir intervjua i podkasten, har uttalt: «Eg meiner at CRM er i ferd med å bli hjartet for verksemda for mange konkurranseutsette verksemder.» Kva meiner han med dette?
- Det kan vere vanskeleg å spå om framtida, men kva trur Tore Berntsen vil vere viktig i servicen i framtida?
- Skriv eit samanfattande avsnitt som gjer greie for korleis verksemder kan bruke service og CRM som eit verkemiddel i konkurransen for å skilje seg ut blant konkurrentane.
- Drøft påstanden «service er det viktigaste for kunden».
CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 05.11.2020