Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Prisstrategi

I denne oppgåva skal de først, med utgangspunkt i to bilprodusentar, vurdere val av prisstrategi og bruk av pris som eit konkurransemiddel. Etterpå skal de velje ut nokre nye produkt og vurdere val av prisstrategi for desse. Jobb gjerne i par.
Ein stilig kvit bil med hevedører står på utstilling på ei plattform. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

  1. Ta utgangspunkt i to bilprodusentar som de ser på som nokså ulike. Forklar valet av prisstrategi og bruken av pris som eit konkurransemiddel hos produsentane, og forklar korleis prisen er med på å byggje opp under eit image.

  2. Vel ut tre til fem nye produkt. Finn informasjon på nett eller i butikk, og vurder kva prisstrategi som er nytta. Kva kjenneteiknar ein vellykka prisstrategi, og synest de at valet av prisstrategi er vellykka for dei nye produkta? Kvifor eller kvifor ikkje?

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng, Mette Holan og Hanne-Lisbet Løite.
Sist fagleg oppdatert 07.05.2021

Læringsressursar

Konkurransemiddelet pris