Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Undersøk bruken av pris som eit konkurransemiddel

I denne oppgåva skal du, med utgangspunkt i ei valfri verksemd, undersøkje bruken av pris som eit konkurransemiddel.
Ei lita jente ser på varer i ein butikk. I framgrunnen heng det ein raud plakat om salsvarer til halv pris. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

Ta utgangspunkt i ei verksemd du kjenner godt.

  1. Undersøk og gjer greie for verksemda sitt val av prisstrategi og prissetjingsmetode og verksemda sin bruk av prisdifferensiering.

  2. Skriv eit oppsummerande avsnitt om bruken av pris som eit konkurransemiddel i verksemda du har valt.

Tips

For å finne informasjon kan du anten søkje på nettet eller oppsøkje eller kontakte verksemda. For å kunne seie noko om prisstrategien til verksemda bør du samanlikne med éin eller fleire konkurrentar.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 07.05.2021

Læringsressursar

Konkurransemiddelet pris