Hopp til innhald

Fagstoff

Shanghai – draumefabrikken til Kina

Shanghai blei i si tid eit av dei første utanlandske konsesjonsområda på kinesisk jord. Det skjedde på midten av 1800-talet. Byen har vore åstad for avgjerande hendingar i Kina si moderne historie og blei ein motor for den industrielle utviklinga etter 1949 i Folkerepublikken Kina.
Turister på The Bund i Shanghai. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dei siste 25 åra har byen på nytt blitt ein motor for utviklinga i landet, no i ein globalisert økonomi. Shanghai har det meste.

Byen ved havet

Byen si strategiske plassering i den fruktbare og rike Jiāngsū 江苏-provinsen nær utløpet av Chángjiāng (Yángzǐjiāng) 长江 (扬子江) gjorde at han tidleg blei eit regionalt senter for sjøvegs handel. Namnet Shànghǎi 上海 tyder «Ved havet» og er eit namn som dukka opp først på 1000-talet, då havet låg mykje nærmare byen. Staden var hamneby for dei rike områda innanfor, med byane Sūzhōu 苏州 og Wúxī 无锡. Shanghai ligg ikkje ved sjølve Changjiang, men ved elva Huángpǔ 黄埔, som renn ut i Changjiang.

Kolonimaktene var openbert klar over den strategiske posisjonen Shanghai hadde med omsyn til å fremme utanlandshandel. Då England seira over Kina i den første opiumskrigen (1839–42), måtte kinesarane gå med på ein nedverdigande traktat som opna opp for utanlandshandel i ei rekkje kystbyar. Kolonimaktene tok seg til rette i desse byane ved å etablere såkalla konsesjonsområde der kinesiske styresmakter var fråtekne styringsretten.

Den viktigaste konsesjonsbyen

Shanghai blei det viktigaste leddet i ei kjede av konsesjonsbyar. Det skjedde ved at England, Frankrike og USA oppretta eit konsesjonsområde utanfor bymurane til det tradisjonelle Shanghai, som framleis var kontrollert av Kina. I 1863 bestemde England og USA seg for å slå saman konsesjonsområda sine til eit internasjonalt konsesjonsområde. Franskmennene ville derimot framleis ha sitt eige. Det er grunnen til at turistar i Shanghai i dag gjerne får høyre at den og den staden høyrde til det tidlegare The International Settlement og The French Concession Area.

Det franske konsesjonsområdet i Shanghai. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Shanghai vaks så raskt at byen rundt 1930 var blitt den femte største byen i verda. Det var ein fleirnasjonal by som av enkelte blei sett på som den moderne verdas hovudstad. Byen gjekk under mange namn, mellom anna Austens Paris, Orientens perle, Asias hore og Dei eventyrlystnes paradis. Alle desse namna hadde noko føre seg, alt etter korleis ein såg på det.

Byen var ei leikegrind for rikingar og eventyrarar, men fortona seg ganske annleis for kinesarar som prøvde å leve eit anstendig liv. Rudolf Nilsen si «En vise om Kinabarna» ser livet i Shanghai frå dei ståstaden til dei fattige, og Nordahl Grieg sitt dikt «Vand», som han skreiv under ein reportasjetur i Kina sommaren 1927, er eit nærmast desperat rop om å komme seg vekk frå den menneskelege fornedringa han opplevde.

Det nye Shanghai var ein kunstig metropol, bygd på makta til utlendingar. Det gamle og kinesiskstyrte Shanghai levde nærmast sitt eige liv ved sida av den nye metropolen. Først i 1943, under andre verdskrig (då Shanghai var okkupert av Japan), gjekk England og Frankrike med på å avskaffe dei spesielle rettane dei hadde hatt i Kina, som blei kalla dei ekstraterritoriale rettane.

Tilbake i kinesiske hender

Folkerepublikken Kina blei etablert 1. oktober 1949, og dette fekk dramatiske konsekvensar for Shanghai. Dei største utanlandske selskapa og mange kinesiske selskap la ned verksemda og flytta til den britiske kronkolonien Hongkong (Xiānggǎng 香港). Det utgjorde slutten på Shanghai si rolle som finanssentrumet i Aust-Asia. Med ein solid industribase og ei kreativ befolkning klarte likevel byen raskt å finne seg sjølv igjen under det nye styret. Heilt fram til starten av 90-talet bidrog Shanghai-regionen med ein stor del av dei kinesiske statsinntektene.

På grunn av den tidlege industrialiseringa blei Shanghai òg eit sentrum for framveksten av ein kinesisk arbeidarklasse. Byen har derfor òg vore prega av ein radikal politisk kultur. Det kinesiske kommunistpartiet blei grunnlagd her i 1921, på eit hemmeleg møte på ein jenteskule i det franske konsesjonsområdet.

Klær henger til tørk mellom bygninger i Zhangyuan Gardens i Shanghai. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Globalisert magnet

I 1991 fekk byen friare tøylar til å setje i verk økonomiske reformer. Kort tid etter blei det lansert storslagne planar om å utvikle området på den andre sida av elva Huángpǔ 黄浦, kalt Pǔdōng 浦东 – «Aust for (Huáng)pǔ». Resultatet i dag er at Shanghai har vunne att stillinga han hadde som finanssentrum i det austlege Asia. Pudong er blitt byen si nye skyline med dei himmelhøge bygningane. Byen er på ny blitt ein magnet, ikkje berre for dei rike og eventyrlystne, men også for migrantar frå det indre av Kina, som blir trekte mot byen for å søkje lykka.

Eit kinesisk par tek selfie frå Pudong med Shanghai i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Byen er i dag den største i Kina, med rundt 25 millionar innbyggjarar. Vel 3 millionar bur i landlege område som byen administrerer. Rundt 40 % av befolkninga er derimot migrantar, som held hjula i gang for befolkninga elles. Dersom vi ser vekk frå migrantane, har byen hatt ei negativ befolkningsutvikling i lang tid. Det kjem først og fremst av den moderne og hektiske livsstilen. Draumefabrikken krev sitt.

Noreg og Shanghai

Nordmenn har bidrege med sitt i Shanghai heilt sidan 1850-åra. Allereie i 1906 oppretta det frie Noreg eit generalkonsulat i Shanghai.

I dag er Fùdàn 复旦-universitetet vert for eit nordisk senter som òg tener nordiske interesser i regionen. Dei som vil vite meir om norsk verksemd i Shanghai-regionen, vil få mykje ut av å lese Stein Seeberg og Gunnar Filseth si I Yangtsedragens rike: Nordmenn i Shanghai gjennom 150 år (Vigmostad og Bjørke, 2000).

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Harald Bøckman.
Sist fagleg oppdatert 19.07.2017

Læringsressursar

Leksjon 3: I Shanghai