Hopp til innhald

Fagstoff

Forklaringar til grammatikk til leksjon 3

Under følgjer forklaringar til grammatikk for dialogen I Shanghai.
Kinesiske skrifttegn. Betydning: grammatikk. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

1. Nominalfrase i nominalfrasen

环球金融中心是什么样的地方?Huánqiú jīnróng zhōngxīn shì shénmeyàng de dìfang?

Som nemnt tidlegare, kan også spørjeord fungere som attributt, som i f.eks.:

什么餐厅? – «Kva slags restaurant?»中国餐厅。 – «Kinesisk restaurant.»
Shénme cāntīng?Zhōngguó cāntīng.
哪里的餐厅? – «Restaurant på kva stad?»北京的餐厅。 – «Restaurant i Beijing.»
Nǎlǐ de cāntīng?Běijīng de cāntīng.

Sidan

什么

shénme kan stå rett framfor eit nomen for å spørje om ei spesifisering av det nomenet, har vi i dette tilfellet

yàng – «form»; «type», som saman med

什么

shénme opptrer som attributt i nominalfrasen

什么样的地方

shénmeyàng de dìfang. Samanlikn:



什么 «Kva slags?»
shénme yàng
attributt kjerne
什么样 
地方 «Kva slags stad?»
shénmeyàng de dìfang
attributt kjerne

什么样 shénmeyàng opptrer altså her som attributt til kjernen 地方 dìfang, sjølv om 什么样 shénmeyang i seg sjølv også er ein attributt-og-kjerne-konstruksjon. Dette illustrerer godt kor viktig det er å lære seg å kjenne att dei ulike grunnleggjande konstruksjonane vi har på kinesisk, fordi dei går att på ulike nivå i ulike uttrykk på kinesisk heile tida. Konstruksjonane følgjer dei same prinsippa, men fungerer forskjellig i høve til andre konstruksjonar avhengig av kontekst og setningstype.

2. Tostavings stadsord

在上面可以看到整个上海。Zài shàngmian kěyǐ kàndào zhěnggè Shànghǎi.

Vi har tidlegare beskrive såkalla postposisjonar: einstavings lokaliseringsord som 上 shàng og 下 xià, som kjem etter nomen og indikerer ein spesifikk posisjon. Slike ord kan utvidast med dei generiske 边 biān, 面 miàn eller 头 tóu for å danne tostavings stadsord (blir då som oftast uttalt med nøytral tone). Desse stadsorda fungerer ofte som subjekt i setningar (og kan, men treng ikkje, ha 在 zài framfor seg). Setninga over tyder derfor: «På toppen (av ein gitt stad) kan ein sjå heile Shanghai.» (Eksempelet er ei forenkling av setninga i dialogen.)

Tyding Enkle+ 面 miàn+ 边 biān+ 头 tóu+ 方 fāng
«over» shàngshàngmianshàngbianshàngtoushàngfāng
«under» xiàxiàmianxiàbianxiàtouxiàfāng
«inni» lǐlǐmianlǐbianlǐtou
«utanfor» wàiwàimianwàibianwàitou
«framfor» qiánqiánmianqiánbianqiántou
«bak» hòuhòumianhòubianhòutou
«venstre side»zuǒmianzuǒbian zuǒfāng
«høgre side»yòumianzuǒbian yòufāng
«ved sida av» pángbiān

3. 一点儿也不 yìdiǎnr yě bù

1) 一点也不怕! Yìdiǎn yě bú pà.
2) 我一点儿现金都没有。 Wǒ yìdiǎnr xiànjīn dōu méi yǒu.

一点(儿)…也 / 都(不 / 没)… yìdǎn(r) … yě/dōu (bù/méi) ..., er nok eit fast mønster der ein kan plotte inn ulike element for å uttrykke tydinga «ikkje i det heile teke». Samanlikn:

我一点也不怕。 / 我一点都不怕。 – «Eg er ikkje redd i det heile teke.»
Wǒ yìdǎn yě bú pà. / Wǒ yìdiǎn dōu bú pà.

我一点儿钱都没有。 – «Eg har ingen pengar i det heile teke.»
Wǒ yìdiǎnr qián dōu méi yǒu.

Her ser ein at eit nomen kan komme etter 一点 yìdiǎn om ein vil uttrykkje spesifikt kva det er ein ikkje «har noko som helst av». Nektingsadverbet 没 méi blir naturleg nok brukt her fordi ein bruker verbet 有 yǒu.

Fleire eksempel:

我一点儿也不喜欢他。 – «Eg likar han ikkje i det heile teke.»
Wǒ yìdiǎnr yě bù xǐhuan tā.

这个电影我一点也不喜欢。 – «Eg likar ikkje denne filmen i det heile teke.»
Zhè ge diànyǐng wǒ yìdiǎn yě bù xǐhuan.

我对美国电影一点儿兴趣都没有。 – «Eg har null interesse for amerikansk film.»
Wǒ duì Měiguó diànyǐng yìdiǎnr xìngqù dōu méi yǒu.

4. 呢 ne for å uttrykkje undring

我们晚上做什么呢?Wǒmen wǎnshang zuò shénme ne?

呢 ne førekjem av og til i setningar der det allereie er eit spørjeord til stades, i dette tilfellet 什么 shénme. I slike tilfelle uttrykkjer 呢 ne ein snev av utolmod eller undring, omtrent som «Kva skal vi finne på i kveld, då?». Utan 呢 ne er spørsmålet nøytralt: «Kva gjer vi i kveld?»

5. Nomen som stadsord

在出租车上 zài chūzūchē shàng – «i drosjen»

Her ser vi bruken av postposisjonen 上 shàng i tydinga «i». Dei fleste nomen på kinesisk kan ikkje utan vidare fungere som stadsord (dvs. eit nomen ein kan setje 在 zài – «på» foran). Uttrykk som «i heisen» og «på trappene» blir på kinesisk:

在电梯里 zài diàntī li (ein kan ikkje seie *在电梯 *zài diàntī)
在台阶上 zài táijiē shàng (ein kan ikkje seie *在台阶 *zài táijiē)

Vanlegvis er det berre ord som logisk blir assosierte med ein bygning, som kan brukast utan postposisjonar, for eksempel:

在图书馆 zài túshuguǎn – «på/i biblioteket»
在学校 zài xuéxiào – «på skulen»
在机场 zài jīchǎng – «på flyplassen»

Både 上 shàng og 里 lǐ kan brukast til å uttrykkje «i», og som regel avgjer det idiomatiske kva som blir brukt kvar.

6. 一边…一边… yìbiān … yìbiān ...

我们一边坐车一边看风景!Wǒmen yìbiān zuòchē yìbiān kàn fēngjǐng!

一边 yìbiān + verb 1 + 一边 yìbiān + verb 2 er eit fast mønster som blir brukt til å uttrykkje to handlingar som blir utført samtidig. I setninga over skal dei sitje i taxien mens dei ser på kva som skjer ute. Som regel kjem hovudhandlinga først, og verb 2 er det som blir gjort samtidig med denne. Eksempel:

他喜欢一边看书一边听音乐。 – «Han likar å høyre på musikk mens han les.»
Tā xǐhuan yìbiān kànshū yìbiān tīng yīnyuè.

爸爸常常一边看报纸一边喝咖啡。 – «Pappa drikk ofte kaffi når han les avisa.»
Bàba chángcháng yìbiān kàn bàozhǐ yìbiān hē kāfēi.

你不要一边吃饭一边说话,不礼貌! – «Ikkje snakk og et samtidig. Det er uhøfleg!»
Nǐ bú yào yìbiān chīfàn yìbiān shuōhuà, bù lǐmào!

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Øystein Krogh Visted.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Leksjon 3: I Shanghai