Dette er studiespørsmål du kan arbeide med etter å ha lese artikkelen Korleis Kina blei til Kina. Bruk Internett og eventuelt andre hjelpemiddel til å finne svar på spørsmåla. Diskuter i klassen.
- Kvifor trur du slettelandet rundt det nedre løpet av Den gule floda i Nord-Kina tradisjonelt har blitt kalla «vogga til den kinesiske sivilisasjonen»? Stemmer det?
- Mao Zedong likte å samanlikne seg med Den første keisaren av Qín. Kvifor det, trur du?
- Kommentar til «oppløysingstida» etter Hàn-dynastiet: Gjer eit søk på «Yúngāng-grottene». Kva finn du der?
CC BY-SASkrive av Harald Bøckman.
Sist fagleg oppdatert 28.08.2018