I denne leksjonen lærer du korleis du bruker kinesisk når du handler klede. Du lærer å snakke om merke, fargar og storleikar, å seie om eit plagg passar eller ikkje, å snakke om prisrabattar og å betale for varene.
I tillegg lærer du om by og land i Kina i dag. Det har skjedd ei rask modernisering i Kina sidan 80-talet, med ein stadig veksande middelklasse. Men den raske urbaniseringsprosessen har òg ført til at ei stor gruppe kinesarar ikkje har fått ta like stor del i velstanden.
CC BY-SASkrive av Ole Fossgård.
Sist fagleg oppdatert 27.04.2018