Hopp til innhald
Fagartikkel

Hormon

Hormon er kjemiske bodbringarar som blir danna i kjertlar og som blir frakta i blodet til målceller der dei skal gi respons. Hormona regulerer viktige prosessar slik som vekst og utvikling, nedbryting og lagring av næringsstoff, væskebalanse og reproduksjon, ofte i samarbeid med nervesystemet.

Verkemåte

Cellene i kroppen vår samarbeider for å halde det indre miljøet i kroppen stabilt. Samarbeidet og kommunikasjonen mellom cellene skjer ved hjelp av hormonsystemet og nervesystemet. Hormonsystemet styrer langsame prosessar i kroppen som vekst og utvikling, reproduksjon og fosterutvikling, mens nervesystemet styrer raske prosessar, til dømes rørsle.

I hormonsystemet kommuniserer cellene via hormon. Hormon er kjemiske bodsendarar som blir produserte i hormonproduserande kjertlar eller enkeltceller, og dei blir frakta med blodet til målcellene. Målcellene har spesifikke reseptorar som passar som "hand i hanske" med hormonet slik at informasjonen blir avlevert til riktig ”adresse”. Eit bestemt hormon har ofte ulike celletypar som sine målceller, og ein bestemt celletype er som regel mål for fleire ulike hormon. Graden av påverknaden er avhengig av konsentrasjonen av hormona.

Hypotalamus – den overordna kjertelen

Hypotalamus er den overordna kjertelen som styrer hormonproduksjonen i dei andre kjertlane via hypofysen. Hypotalamus får informasjon om det indre miljøet i kroppen frå det og hormonsystemet. Basert på denne informasjonen påverkar hypotalamus aktiviteten i dei hormonproduserande kjertlane slik at han er tilpassa det behovet kroppen har.

Hypofysen

Hypofysen er ein liten endokrin kjertel som er delt inn i framlapp og baklapp. Baklappen består av nervevev og fungerer som ein lagringsplass for hormona ADH og oksytocin frå hypotalamus. ADH påverkar nyrene slik at vi skil ut mindre vatn, mens oksytocin syter for at mjølkekjertlane skil ut mjølk, og at livmora trekkjer seg saman ved fødslar.

Framlappen består av endokrine celler som produserer og slepper ut hormona , , , , og veksthormon. Dei ulike hormona, unnateke prolaktin og veksthormona, styrer høvesvis hormonproduksjonen i skjoldbruskkjertelen, binyreborken og kjønnsorgana.

Binyremergen og bukspyttkjertelen

– sjølvregulerande kjertlar

Binyremergen og bukspyttkjertelen er òg hormonproduserande kjertlar, men dei blir ikkje styrte av hypotalamus. Binyremergen tek imot nerveimpulsar, og ikkje hormon, som stimulerer til produksjon av hormona adrenalin og noradrenalin i stressande situasjonar. Binyreborken skil ut kortisol og ei rekkje andre hormon.

Hormonproduksjonen i bukspyttkjertelen er i hovudsak regulert av glukoseinnhaldet i blodet.

I tillegg til dei hormonproduserande kjertlane nemnde over har vi hormonproduksjon fleire stader i kroppen, mellom anna i nyrene, levra, hjartet og i mage-/tarmkanalen.

Relatert innhald

Ekstern
Hormoner

Nettside hos helsenorge.no

CC BY-SA 4.0Skrive av Tone Pedersen Rangul.
Sist fagleg oppdatert 28.05.2020