Hopp til innhald
Oppgåve

Kva kan du om forplantingssystemet?

Du skal kunne beskrive oppbygginga og forklare funksjonen til dei ulike organsystema i kroppen. I denne oppgåva skal du lære meir om forplantinga hos menneske og dei ulike prosessane hos kvinner og menn.

Oppgåver

  1. Forklar korleis forplantingsorgana til kvinner og menn fungerer.
  2. Forklar kort befruktingsprosessen hos mennesket.
  3. Beskriv menstruasjonssyklusen.
  4. Kva kjønnshormon har

    1. kvinner?
    2. menn?
  5. Forklar kort kva assistert befruktning er. Kva for nokre store endringar i bioteknologilova kom våren 2020?
  6. Forklar kva desse yrkesgruppene jobbar med:
    1. jordmor
    2. sexolog
    3. gynekolog
    4. barnepleiar
CC BY-SA 4.0Skrive av Hege Nikolaisen.
Sist fagleg oppdatert 04.06.2020