Grønt skifte
Berekraft handlar om å dekkje behova vi har i dag og samtidig ta omsyn til dei kommande generasjonane. Når vi utviklar og lagar produkt eller tenester, har vi eit ansvar for ressursbruken. Vi må ha kunnskapar om materialar og kjemikaliar for å ta miljøbevisste val.
Landa i verda må jobbe saman for at vi skal kunne få ei berekraftig utvikling. Likevel er det mykje vi som enkeltindivid og bedrifter kan gjere.
CC BY-SASkrive av Thomas Bedin og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 27.08.2020