Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Sentralt og lokalt i kinesisk historie – studiespørsmål

Keisarpalasset i Kina opplyst om kvelden. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dette er studiespørsmål du kan arbeide med etter å ha lese artikkelen Sentralt og lokalt i kinesisk historie. Bruk Internett og eventuelt andre hjelpemiddel til å finne svar på spørsmåla. Diskuter i klassen.

  1. Lokale styringsorgan blei oppretta i Noreg i 1837 med dei såkalla formannskapslovene. Var tanken bak dei lik den tradisjonelle statlege lokaladministrasjonen i Kina?
  2. Tykkjer du det er rimeleg å hevde at dagens kinesiske folkerepublikk liknar på den tradisjonelle kinesiske embetsmannsstaten?
  3. På midten av 1800-talet var Kina prega av ein av dei største bondeopprøra i landet si historie, Tàipīng 太平-opprøret. Men det var ikkje ein tradisjonell kinesisk religion som var inspirator for opprøret. Veit du kva religion det var?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Harald Bøckman.
Sist fagleg oppdatert 27.08.2018

Læringsressursar

Leksjon 9: På kjøpesenteret