Hopp til innhald

Fagstoff

Sentralt og lokalt i kinesisk historie

Heilt sidan Kina blei samla til eitt keisarrike i 221 fvt. har idealet vore ein sentralstyrt keisarleg embetsmannsstat. I realiteten har derimot staten ofte vore alt anna enn sentralstyrt.
Kinesisk embetsmann røker pipe mens han snakker med en tjener. Maleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Einskap og splid

Før landet blei samla til eitt rike i 221 fvt., var Kina i mange hundreår fleire regionale statar. Det var verdas første mellomstatlege system og blir på mange måtar sett på som ein skapande periode i Kina si historie. Også etter at keisardømmet blei oppretta, har landet i periodar vore splitta i fleire småstatar. Men desse periodane blei alltid oppfatta som ein ulykkeleg tilstand. Den dag i dag er både politikarar og folk flest svært opptekne av landet sin «einskap» – tǒngyī 统一 – og fryktar «splitting» – fēnliè 分裂 – uavhengig av kor stort eller lite landet har vore i utstrekning. Dagens folkerepublikk er grunnlovsfesta som ein «heil» stat, der ingen del har rett til å lausrive seg. Dette står i sterk kontrast til det tidlegare Sovjetunionen, som var ein føderasjon av mange statar, noko som opna for at unionen gjekk i oppløysing i 1991.

Opprørarar frå Taiping sloss mot Qing-dynastiet i 1864. Maleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Regionale identitetar

Samtidig har dei mange regionale småstatane sett sitt preg på den kinesiske historia i den forstand at dei har bevart regionale kulturelle særtrekk. Dette kjem ikkje minst til uttrykk gjennom forskjellige dialektar, som i ein del tilfelle følgjer provinsgrensene. Mange av dagens provinsar har ei lang historie, og både i daglegtale og i ein del offisielle samanhengar (for eksempel på bilskilt!) blir dei gamle landskapsnamna brukt, for eksempel Jì for Hebei-provinsen, Xiāng for Hunan-provinsen og Diān for Yunnan-provinsen. To forhold bidrog til å halde det store riket saman. For det første blei det tidleg utvikla eit statleg administrativt system som gjekk ned til det vi vanlegvis omset med «fylke», xiàn . Dette systemet hadde blitt utprøvd allereie før keisarriket blei grunnlagt for meir enn to tusen år sidan. Det at ein stor stat så tidleg som dette utvikla ein lokaladministrasjon som fungerte så bra, var eineståande i verda. Noko tilsvarande fekk vi ikkje i Europa før Napoleon på starten av 1800-talet oppretta lokale administrative inndelingar som han kalla for departement.

Annleis enn i Europa

Det andre forholdet kan illustrerast ved å sjå på Europa. Her blei byane hovudseter for framveksten av eit autonomt handelsborgarskap, mens landsbygda blei styrt av meir eller mindre føydale maktstrukturar, med fyrstar og ein konge på toppen. I Kina var det nærmast omvendt. Kongemakta var rett nok basert på skatteinntekter frå landsbygda, men styrte frå byar som var politiske og administrative senter – og berre i mindre grad kommersielle. Handelen blei regulert i større grad enn i Europa, og den sentrale kongemakta utvikla ein sentralstyrt embetsmannsstat for å hindre at føydalismen blei dominerande.

Seks ulike personar frå Kina på 1800-talet. Kollasj. Maleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Autonome lokalsamfunn

Men heller ikkje i det tradisjonelle Kina nådde kongemakta heilt ned til små og større landsbyar. Under fylkesnivå (xiàn) var øvrigheita lite til stades. Det fanst skatteinnkrevjarar, og det blei henta inn soldatar til keisaren sine hærar, men lokalsamfunna blei stort sett styrte av lokale elitar. Faktisk var det først då kommunistane oppretta folkekommunar på 1950-talet, at lokalsamfunna for første gong i kinesisk historie blei kontrollert heilt ned til grasrota.

Ingen statsberande religion

I Europa var det stort sett skattefuten og presten som var representantar for øvrigheita. Kina hadde derimot ingen statsberande religion (dvs. ein religion som staten bruker til å legitimere makta med), berre forfedreritual heilt frå keisarnivå og ned til den enkelte slekta. Daoismen, buddhismen og folkereligionar prega i høgste grad lokalsamfunna, men dei var ikkje den forlenga armen til øvrigheita, ofte snarare tvert imot. Mange av dei tradisjonelle bondeopprøra i Kina har vore inspirerte av desse religionane. Eit kjent kinesisk ordtak lyder slik: «Himmelen er høg og keisaren langt borte», Tiān gāo, huángdì yuǎn 天高皇帝远. Så sjølv om Kina (som oftast) har vore sentralstyrt, har lokalsamfunna i stor grad levd sitt eige liv.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Harald Bøckman.
Sist fagleg oppdatert 01.11.2017

Læringsressursar

Leksjon 9: På kjøpesenteret