Hopp til innhald

Fagstoff

Utdanning i Kina

Kina har ein utdanningstradisjon som strekkjer seg meir enn to tusen år tilbake i tid. Læringsferdigheiter har vore høgt verdsette, men har òg resultert i at tradisjonelle førestillingar om læring framleis dominerer utdanninga.
Kinesisk lærer viser elevene sine en globus. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Den tradisjonelle utdanninga hadde to særtrekk. For det første var det ifølgje konfutsiansk lære kvar enkelt sitt ansvar å prioritere det som blei kalla sjølvkultivering (xiū shēn 修身), som vi kanskje kan omsetje med «å bli eit høgverdig menneske», eller i det minste å bli eit «gagns menneske».

For det andre var det viktig å lese seg opp på dei viktigaste klassiske tekstane. Allereie under Han-dynastiet (frå 206 fvt. til 220 evt.) hadde Det keisarlege akademiet, Tàixué 太学, opptil 30 000 studentar som skulle utdannast til embetsmenn. I starten av Tang-dynastiet (618–907) blei embetsmannseksamenar innførte. I 1315 blei desse standardiserte ved at fire konfutsianske tekstar, dei såkalla Fire bøkene, eller Sì shū 四书, blei fast pensum. Etter dette beheldt eksamenane stort sett den same forma fram til dei blei avskaffa i 1905! Eksamenar blei haldne med jamne mellomrom på forskjellig nivå, frå lokale eksamenar til dei keisarlege eksamenane, som blei arrangerte i hovudstaden. Embetsmannsstanden blei sett saman av personar som gjorde det bra på slike eksamenar, men det var òg mange andre måtar å skaffe seg eit embete på, mellom anna gjennom bestikking.

Guteskule i Peking 1873. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Opplæringa skjedde anten gjennom privatundervising heime eller på privatskular. Ca. frå 1000-talet av skjedde mykje av den vidaregåande opplæringa for det meste ved akademi, eller Shūyuàn 书院. Omkring år 600 endra Det keisarlege akademiet namn til Høgskule for statens søner, eller Guózǐjiàn 国子监. Tradisjonelt var eksamenar i prinsippet opne for alle, men i praksis var det som oftast eliten som utdanna eliten. Det var stor forskjell på «handas og andens arbeidarar».

Dette systemet fremma ein puggekultur. Eksamenane bestod i å leggje ut om ulike tema i dei forskjellige klassikarane, og derfor gjaldt det å kunne så mykje av klassikarane som mogleg utanåt. Eksamenssvar var kommentarar i form av forklaringar, men inga drøfting av problemstillingar, slik vi kjenner det frå moderne utdanning. Moderne, vestleginspirert utdanning kom til Kina i siste halvdelen av 1800-talet gjennom skular som blei oppretta av vestlege misjonærar. Dei første skulane som innførte fag slik vi kjenner det frå våre eigne skular på den tida, kom ikkje før på starten av 1900-talet.

Jenteskule i Kina. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tradisjonell utdanning innebar utdanning for gutar og menn. Kvinner var utestengde. Det blei forventa at ei kvinne skulle lære seg «kvinnelege dydar», som å vere lydig overfor mann, svigerfar og søner (dersom ho blei enke), oppføre seg respektfullt og vere flittig med huslege sysler. Lovgiving frå 1907 opna for at jenter kunne få utdanning på eigne jenteskular, og for at kvinner kunne utdanne seg til lærarar på eigne lærarskular. Frå og med 1920-åra fekk jenter lov til å gå på vidaregåande skule, og omtrent samtidig følgde universiteta etter.

I dei tidlege åra av folkerepublikken, dvs. frå 1952, blei utdanningssystemet lagt om etter sovjetisk modell. På universitetsnivå avskaffa ein «borgarlege» fag som sosiologi og statsvitskap og la meir vekt på teknologiske fag og naturvitskap. I skulesektoren skjedde den store utbygginga på landsbygda, men det var framleis ein markant forskjell mellom by og land.

Under heile Mao-perioden (1949–76) var det strid om kor stor vekt ein skulle leggje på høvesvis praktisk utdanning og teoretisk utdanning. Dei som fekk høgare utdanning, kom oftast frå eliten og identifiserte seg med han, sjølv om eliten no var kommunistisk. Det var òg strid om kor stor vekt ein skulle leggje på å vere «raud», dvs. å ha dei rette politiske standpunkta, og å vere «ekspert», dvs. å ha fagleg kunnskap. Det tippa heilt over under kulturrevolusjonen, som starta i 1966 og førte til at skular og universitet blei stengde i nokre år. I denne perioden gjaldt det å vere lojal mot Mao Zedong sin politikk både i skulesektoren og universitetssektoren.

Kinesiske studentar tek eksamen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

På slutten av 70-talet begynte pendelen på nytt å svinge den andre vegen. Og frå og med då blei resultat frå frykta opptakseksamenar både på vidaregåande og universitet ofte avgjerande for framtidsmoglegheitene. I tillegg har den sterke barneavgrensinga gjort at familiar er svært opptekne av korleis avkommet gjer det på skulen. Ekstraundervising er blitt dagens orden. Kinesiske barn blir utsette for eit høgt prestasjonspress.

Systemet med eliteskular – kalla nøkkelskular – blei innført i 50-åra og innført att etter kulturrevolusjonen på slutten av 70-tallet, både i vidaregåande- og universitetssektoren. I mange tilfelle kunne eit livslaup bli avgjort allereie då foreldra valde barnehage.

I 1985 blei det lovbestemt at skulen skulle vere niårig, men dette blei ikkje gjennomført over heile landet før rundt år 2000. Frå omtrent same tid gjekk ein over frå seksdagars skuleveke til femdagars. Skuledagen på landsbygda er ofte todelt, med ei formiddagsøkt og ei ettermiddagsøkt, mens skulane i byane stort sett held det gåande i eitt strekk.

Skulebarn i grunnskulen i Kina. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

På 90-talet skulle det meste i Kina bli rekna i pengar, noko som også ramma utdanningssektoren. Det blei innført skulepengar heilt ned på grunnskulenivå, og dette ramma fattige familiar på landsbygda spesielt hardt. Mange tok derfor barnet eller barna sine ut av skulen og sette dei heller i arbeid på garden. Utpå 2000-talet forstod regjeringa kvar det bar, og innførte gratis skulegang att på landsbygda. Men framleis er det stort fråfall, heilt ned i grunnskulen. Og ifølgje offisiell statistikk startar under 40 % av årskulla på vidaregåande.

Dei siste tjue åra har høgskule- og universitetssektoren blitt bygd ut raskt, særleg gjennom private høgskular. Dermed har ein mykje større del av ungdomen fått moglegheit til å ta høgare utdanning. Men denne utbygginga har skjedd så raskt og med så varierande kvalitet at det periodevis har vore vanskeleg for ungdom med høgare utdanning å få jobb etter studia.

Sjølv om mykje har blitt modernisert i det kinesiske utdanningssystemet, også i form av pedagogiske eksperiment, eksisterer framleis mykje av den tradisjonelle puggekulturen. Det blir fokusert på kva ein er forventa å skulle lære, og mindre på å tenkje gjennom kva stoffet inneber. Samtidig blir det utøvd ei markant politisk einsretting når det gjeld korleis lærematerialet innanfor historie og samfunnskunnskap blir utforma. På ein måte er dette systemet svært effektivt, men det blir òg hevda at dette hemmar både kreativitet og nyskapande tenking.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Harald Bøckman.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Leksjon 4: Å studere kinesisk