Hopp til innhald

Fagstoff

Forklaringar til grammatikk i leksjon 4

Under følgjer forklaringar til grammatikk for dialogen "Å studere kinesisk".
Kinesiske skriftteikn. Betydning: grammatikk. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

1. 难不难 nán bu nán

Dette er eit eksempel på ein kinesisk spørsmålstype som kan kallast [verb]-ikkje-[verb]-konstruksjonen. Vi kan bruke dei fleste tilstandsverb eller handlingsverb i denne konstruksjonen. Dersom vi vil gi eit positivt svar, gjentek vi verbet. Dersom vi vil gi eit negativt svar, bruker vi + verbet. På kinesisk har ein ikkje enkle ord for «ja» og «nei», men ein har andre måtar å uttrykkje omtrent det same på (sjå òg punk. 2 i leksjon 6). Vi kan òg bruke andre verb i [verb]-ikkje-[verb]-konstruksjonen. Samanlikn desse setningane:

你喜欢不喜欢中国? Nǐ xǐhuan bu xǐhuan Zhōngguó?


你喜欢中国吗? Nǐ xǐhuan Zhōngguó ma?

Begge desse to spørsmåla betyr «Liker du Kina?», men det er viktig å ikkje blande dei to konstruksjonane saman. Følgjande setning er feil:

*你喜欢不喜欢中国吗?Nǐ xǐhuān bu xǐhuān Zhōngguó ma?

Her har ein brukt både [verb]-ikkje-[verb]-konstruksjonen og spørsmålspartikkelen 吗 ma samtidig i same setning, noko som er feil. Eit svar på begge spørsmåla ville derimot ha vore det same, nemleg 喜欢 xǐhuan for «ja/liker», eventuelt 不喜欢 bù xǐhuan for «nei / liker ikkje».

2. 太难了 tài nán le, 不太难 bú tài nán

太…了 tài...le er ein fast konstruksjon der vanlegvis eit adjektiv blir plassert mellom 太 tài og 了 le. Vi bruker konstruksjonen når vi vil leggje stor vekt på det som kjem inne i mønsteret, til dømes 太好了 tài hǎo le – «kjempebra» – eller 太喜欢了 tài xǐhuan le – «liker kjempegodt». Nokon gonger sløyfer vi òg le på slutten, utan at betydninga blir endra.

Den nektande varianten av uttrykket er 不太… bú tài… (utan le) betyr derimot «ikkje særleg...»: 不太好 bú tài hǎo – «ikkje særleg bra» og 不太喜欢 bú tài xǐhuan – «liker ikkje særleg».

3. 怎么样 zěnmeyàng:

Dette uttrykket blir lagt til på slutten av ei setning for å etterlyse lyttaren sitt syn på det som kjem føre, til dømes 我们说中文,怎么样?Wǒmen shuō zhōngwén, zěnmeyàng? – «Vi snakkar kinesisk, er det greitt?». Vi bruker det òg når vi spør om kva nokon synest om noko: 你觉得中国怎么样? Nǐ juéde Zhōngguó zěnmeyàng? – «Kva synest du om Kina?». Merk at dersom det er eit komma framfor 怎么样 zěnmeyàng eller ein liten pause framfor uttrykket når vi uttaler setninga, refererer 怎么样 zěnmeyàng til heile setninga som kjem framfor kommaet/pausen. I den andre eksempelsetninga, 你觉得中国怎么样?Nǐ juéde Zhōngguó zěnmeyàng?, refererer derimot 怎么样 zěnmeyàng berre til 中国 Zhōngguó. Setninga kan til dømes setjast om til norsk med «Korleis synest du Kina er?». Samanlikn desse setningane:

– 我们学中文,怎么样?
Wǒmen xué zhōngwén, zěnmeyàng?
– «Vi studerer kinesisk, OK?»

– 你觉得学中文怎么样?
Nǐ juéde xué zhōngwén zěnmeyàng?
– «Korleis synest du det er å studere kinesisk?»

I den andre setninga ville det ha vore unaturleg å ha eit komma eller ein artikulert pause framfor 怎么样 zěnmeyàng, fordi 你觉得学中文… Nǐ juéde xué zhōngwén… er ei ufullstendig setning.

4. 因为…所以… yīnwèi...suǒyǐ...


因为 yīnwèi betyr «fordi» og kan anten brukast åleine for å gi ein grunn til noko eller i eit fast mønster saman med 所以 suǒyǐ: fordi A, så (derfor) B, til dømes 因为太忙了,所以没有时间学习。Yīnwèi tài máng le, suǒyǐ méiyou shíjiān xuéxí. – «Fordi eg er for oppteken, så har eg ikkje tid til å studere.» Mønsteret er slik:

因为 – A – 所以 – B
Yīnwèi – A – suǒyǐ – B
Fordi – A – så – B

I forkorta setningar kan både 因为 yīnwèi og 所以 suǒyǐ òg brukast åleine der det er naturleg. Sjå på desse eksempla:

他不想去,因为他没有钱。
Tā bù xiǎng qù, yīnwèi tā méi yǒu qián.
«Han vil ikkje dra, fordi han ikkje har pengar.»

他没有钱,所以他不想去。
Tā méi yǒu qián, suǒyǐ tā bù xiǎng qù.
«Han har ikkje pengar, så derfor vil han ikkje dra.»

CC BY-SASkrive av Øystein Krogh Visted.
Sist fagleg oppdatert 11.12.2019

Læringsressursar

Leksjon 4: Å studere kinesisk