Hopp til innhald

Fagstoff

Ung og gammal i Kina

Når vi snakkar om ung og gammal i Kina innanfor same tema, snakkar vi om to heilt forskjellige tilvære, som langt frå berre kjem av aldersforskjell. Det har å gjere med ulik nedarva status og ulike forpliktingar. Desse har nærmast blitt snudd på hovudet i løpet av dei siste 30–40 åra.
Tre generasjoner kinesere skåler med kopper på en restaurant. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Forpliktingar for søner

Kinesisk par med gutt på skuldrene. Foto.

Det tradisjonelle kinesiske samfunnet var utprega patriarkalsk. Det var mannen i huset som bestemde – stort sett. Familien og slekta blei berre ført vidare gjennom mannlege etterkomarar. Jentebarn blei berre sett på som ei utgift, ettersom dei blei gifta ut av familien. Forholda mellom barn og foreldre var regulert av ein konfutsiansk dyd kalla xiào , som vi best kan omsetje med «sønlege forpliktingar». Her var det ei heil rekkje reglar for kva som var god og dårleg åtferd. Ein tradisjonell dydsfigur i den konfutsianske arva er Gamle Laizi, Lǎo Láizi 老莱子, ein son som i den respektable alderen av sytti (!) år kledde seg ut som barn og leikte framfor foreldra (som då må ha vore svært gamle) for at dei ikkje skulle føle alderen tyngje. Gutebarn blei rekna som ei investering i framtida og ein tryggleik for alderdomen. Eit av dei kraftigaste skjellsorda i det tradisjonelle Kina var «Måtte du døy utan søner og sonesøner!», eller jué zǐ jué sūn 绝子绝孙, dvs. arvelaus. Fram til forholdsvis nyleg blei det sett på som ganske nedverdigande å bli einsam i alderdomen, for då hadde ein ikkje oppfylt forpliktingane sine overfor forfedrene.

Forpliktingar for jenter

Kva så med jentene? Det fanst òg reglar for god åtferd blant jenter, men dei gjekk mest i retning av korleis dei skulle skaffe seg ferdigheiter i det livet som venta dei som ung kone, med andre ord som husmor. Det finst fleire tradisjonelle handbøker for sømeleg åtferd for kvinner, som òg kan seiast å vere eit uttrykk for «dotterlege forpliktingar», for at dei ikkje skulle bringe familien i vanære. Mens ei ung kone som var inngifta i ein familie, berre var nærmast som ei hushjelp og fødemaskin å rekne, endra statusen seg for kvinner etter kvart som dei blei eldre. Dei fekk større makt over styre og stell i familien. Det har blitt sagt at det sterkaste kravet på eigedomsrett til eit stykke jord i det tradisjonelle Kina var når ei gammal dame sette seg ned på jordstykket!

Revolusjon i familiestrukturen

Kinesiske besteforeldre med barnebarn på kjøkkenet. Foto.

Livskåra til unge og gamle i Kina endra seg kraftig i løpet av det 20. hundreåret. Det gjeld særleg dei siste 30–40 åra. For det første har levestandarden auka dramatisk. Men samtidig har det blitt ført ein streng fødselskontroll gjennom den såkalla eittbarnspolitikken, som i praksis har vore noko meir romsleg, og som blei offisielt moderert i 2015. Dette har ført til at mange tradisjonelle verdiar og førestillingar har blitt snudd opp ned på. For det første har det eine barnet, eller i ein del tilfelle dei to barna (der éin helst bør vere ein son), blitt sett på som så verdifulle at dei har blitt stelt og dulla med som «småkeisarar», eller xiǎo huángdì 小皇帝. Det er det såkalla 4-2-1-syndromet, dvs. det at eit barn har fire besteforeldre og to foreldre som steller og dullar med seg. Men det er òg eit uttrykk for den sterke kontrollen som foreldre tradisjonelt har utøvd over avkomma sine, i håp om at «sonen skal bli ein drage og dottera ein føniks», eller wàng zǐ chéng lóng, wàng nǚ chéng fèng 望子成 龙, 望女成凤.

Dei gamle slår tilbake!

Det er no dramatisk færre avkom som må klare å leve opp til dei tradisjonelle forpliktingane sine med å ta vare på foreldra når dei blir gamle. Samtidig har mobiliteten i det raskt moderniserande kinesiske samfunnet blitt radikalt mykje høgare. Dermed bur mange langt frå foreldra, og alt dette har gjort at mange eldre føler seg marginaliserte. Det å bli plassert på gamleheim har ofte blitt sett på som nedverdigande. Tradisjonelt blei det rekna som eit uttrykk for at ein ikkje hadde noko avkom, men i vår tid blir det òg oppfatta som at avkomet ikkje bryr seg om å ta vare på dei. Den nye livsstilen gjorde at styresmaktene i 2013 gjekk til det drastiske skrittet å vedta ei lov om eldre sine rettar og interesser. Denne går mellom anna ut på at vaksne barn med gamle foreldre blir pålagde å besøkje dei jamleg, elles blir dei bøtelagde. Lova har blitt kontroversiell, både fordi ho har vage formuleringar, men òg fordi mange eldre også ønskjer at avkommet deira skal gjere det så godt som mogleg i eit samfunn med beinhard konkurranse. Men saka er slett ikkje til å kimse av. Rundt år 2050 kjem ein tredjedel av innbyggjarane i Kina til å vere rekna som eldre, det vil seie over 60 år.

Relatert innhald

Dei enorme endringane vi har sett i den kinesiske familiestrukturen er resultatet av ein bevisst og streng nasjonal familiepolitikk i Kina.

CC BY-SASkrive av Harald Bøckman.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Leksjon 3: Familie