Hopp til innhald

Fagstoff

Utlendingar i Kina

Ein av leksjonane i ei kinesiskprodusert lærebok om kinesisk språk inneheldt ein dialog mellom ein kinesisk ungdom og ein utlending som studerte i Kina. Det endte med gjensidige misforståingar. Utlendingen forstod ikkje kinesiske konvensjonar, og den kinesiske samtalepartnaren følte seg misforstått.
Amerikansk sikkerhetsvakt og kinesisk vakt i historisk krigerkostyme. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Opne

Utlendingar i Kina og kinesarane sitt forhold til dei er eit interessant og samansett tema. På den eine sida finn vi tradisjonelt ei inkluderande openheit overfor utlendingar – så framt dei tileignar seg kinesisk veremåte. Kina er for eksempel ein av dei få stadene vi kjenner til der jødar har lete seg assimilere. Opp gjennom tidene har mange utlendingar tenestegjort ved keisarhoffet. Og ikkje nok med det, under to av dei siste tre dynastia sat det utlendingar på den kinesiske keisartrona, gjennom erobring. Først mongolane på 12-1300-talet, og så mandsjuane, eit tungusisk folk frå nordaust, som styrte frå 1600-talet og fram til keisardømmet blei styrta i 1912.

Men samtidig lukka

På den andre sida har Kina òg ein lang tradisjon med framandfiendskap. Det gav seg uttrykk i både undertrykking av folkegrupper innanfor keisarriket og ein sterk kontroll av utlendingar som banka på dørene til landet. «Barbarane» som budde i forskjellige himmelretningar, fekk forskjellige oppnamn, og tradisjonelle stereotype oppfatningar av utlendingar resulterte i folkelege nemningar som dà bǐzi 大鼻子– «stornasar» – først og fremst folk som kom gjennom Sentral-Asia, og yáng guǐzi 洋鬼子– «djevlar frå (den andre sida av) havet» – som kom sjøvegen. Men også nabofolk fekk passet sitt påskrive, for eksempel japanarar, som blei kalla , altså «dvergar». I moderne tid har elles Japan fleire gonger gått til angrep på eller okkupert delar av Kina. Men samtidig har Japan vore ein inspirasjon for moderniseringa i Kina.

Anti-vestlig tegneserie fra Hunan provinsen cirka 1890. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kinesarane sitt forhold til utlendingar er prega av den harde behandlinga Kina fekk av kolonimaktene frå slutten av 1830-åra og heilt fram til slutten av andre verdskrig. Det blir kalla Bái nián chǐ 百年耻, eller «Dei hundre åra med (nasjonal) skam». Kinesarar som antok utanlandske manerar, blei ofte sett ned på. Då Kommunistpartiet frå og med slutten av 1970-talet for alvor gjekk inn for ein meir open politikk overfor utlandet, var det første gong at styresmaktene i landet sjølv hadde styring på det.

Skiftande oppfatningar

Oppfatningane utlendingar har hatt av Kina, har svinga heilt sidan jesuittiske utsendingar sende rapportar tilbake til Europa på slutten av 1500-talet, og oppfatningane svingar framleis. Den idealiseringa av kinesisk styresett (sinofili) vi såg i opplysingstida på 1700-talet, gjekk etter kvart over i ei demonisering av landet (sinofobi) på 1800-talet.

Forholdet vårt til Kina varierer heilt ned på det personlege planet. Under eit lengre opphald i Kina kan stemningane svinge frå det euforiske til det mollstemde. Men etter at ein har komme heim, lengtar ein som oftast tilbake.

Tettare på

Utlendingar i dagens Kina har utan samanlikning betre moglegheiter til å bli kjende med det kinesiske samfunnet enn nokon gong tidlegare, både gjennom studium, jobb og kanskje giftermål. Men mange blir hengande i dei stadig større miljøa av «expats», eller «utvandra». Den beste medisinen mot det er å lære språket. Det skal ikkje mykje til før lokalbefolkninga set stor pris på innsatsen. Her er jentene ofte flinkare enn gutane, som ofte har det for travelt med «viktigare» saker.

Før kunne det bli oppfatta som mistenksamt å ha kontakt med utlendingar, men den tida er forhåpentlegvis over. Det er likevel ikkje så enkelt som at kinesarane er i ferd med å «bli som oss». Modernisering er ikkje det same som vestleggjering, sjølv om det på overflata ofte kan sjå slik ut.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Harald Bøckman.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Leksjon 2: Å bli kjend med ein medstudent