Hopp til innhald

Fagstoff

Forklaringar til vokabular i leksjon 2

Under følgjer forklaringar til vokabular for dialogen "Å bli kjent med ein medstudent".
Kinesiske teikn. Betyding: vokabular. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

1. zǎo

zǎo betyr «tidlig», men blir her brukt som ei helsing i seg sjølv. Det er ikkje uvanleg at det å uttrykkje noko openbert ved ein situasjon kan fungere som ei helsing på kinesisk.

2. 请问 qǐng wèn

Dette er eit fast høflegheitsuttrykk som kan brukast til å innleie spørsmål ein vil stille. Lurer du på noko og ønsker å høfleg be om eit svar på til dømes kva nokon heiter, kvar noe er osv., bør du innleie spørsmålet med 请问.

3. 田中太郎 Tanaka Taro (japansk)

Japansk skriftspråk bruker også ein del kinesiske teikn, men dei har som regel ein heilt annan uttale enn på kinesisk og av og til også ei anna betyding.

CC BY-SASkrive av Øystein Krogh Visted.
Sist fagleg oppdatert 06.03.2017

Læringsressursar

Leksjon 2: Å bli kjend med ein medstudent