Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Synsvanskar

Det finst mange grader av synshemming, frå litt til svært svaksynte og til dei som er heilt blinde. Årsaka til synsvanskane kan vere mange, til dømes skade eller sjukdom i sjølve auget, skade på synsnerven eller synssenteret.
Mann foran skjerm med stor skrift. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ifølgje Verdshelseorganisasjonen har 180 000 nordmenn så svekt syn at dei har vanskar med daglegdagse gjeremål som å lese avisa, kjenne att folk på gata og gå i butikken.

Auget – vårt viktigaste sanseorgan

Det er synet som fortel oss korleis verda ser ut rundt oss, og korleis vi skal forstå henne.

Sidan 80 prosent av sanseinntrykka våre kjem gjennom auga, er det ikkje vanskeleg å tenkje seg at ein person som har nedsett syn eller er blind, møter utfordringar i dagleglivet.

Meir om synsvanskar finn du i lenkjesamlinga under relasjonar.

Utfordringar til deg

  1. Teikn og beskriv korleis auget er bygt opp og fungerer.
  2. Menneske som har hatt hjerneslag, kan få synsfeltutfall. Søk på nettet eller bruk andre kjelder og beskriv kva synsfeltutfall er, og kvifor det oppstår.
  3. Beskriv kva for nokre problem ein person med synsfeltutfall kan få i kvardagen.
  4. Beskriv kva som er skilnaden på grøn og grå stær.
  5. Menneske med diabetes kan få augekomplikasjonen diabetisk retinopati. Forklar kvifor denne tilstanden kan oppstå. Bruk nettsida Alt du bør vite om synet ditt. Norges Blindeforbund eller andre kjelder.
  6. Kva for nokre utfordringar kan ein person med synsproblem få i kvardagen?
  7. Forklar kva du meiner ein person som er synshemma, treng hjelp til i heimen. Grunngi svaret ditt.

Relatert innhald

Dei mange produkta i hjelpemiddeldatabasen er fordelte i grupper etter funksjonsnedsetjing.

Aldringsprosessen er summen av dei endringane som gradvis rammar oss menneske. Korleis påverkar aldring kropp og sinn?

CC BY-SASkrive av Marit Smith Sørhøy, Norges Blindeforbund og Wenche Heir.
Sist fagleg oppdatert 06.11.2018

Læringsressursar

Nedsett funksjonsevne